Travaglini Gattinara 2015

Til å ha så røffe kantar så minner Nebbiolo meir om daten du aldri meir inviterer med på fjelltur. Det må ikkje vera for kaldt, det må ikkje vera trekk, det må ikkje vera fuktig, og noko håp om fermentering startar seint, om i det heile…

Om ein har sans for det litt røffe trøkket frå Nebbiolo, men har ei lommebok som ikkje heilt er klar for Barolo-prisar, så er vin frå Gattinara eit potensielt alternativ. Appellasjonsreglane har mildna med åra – ein blir ikkje lenger hengd for å kutta ned Nebbiolo-stokkane – men drua er såpass uforutsigbar og vanskeleg at mange vinbønder i Piemonte nytta høvet til å planta Barbera i staden etter phylloxera-herjingane i Europa. Sjølv om drua er både mest kjend og den  mest omtykte frå området, utgjer ho under 10 prosent av vinmarkane i Piemonte.

Andre druer i Gattinara HER

Ein times tid vest for Milano ligg Gattinara, der Clemente Travaglini etablerte seg på 1920-talet. Neste generasjon overtok i 1958 med ei klokkartru på at Gattinara kunne hevda seg mot storebrørne i Barolo og Barbaresco, og garden er i dag framleis eit familieforetak.  

Travaglini Gattinara 2015

100% Nebbiolo plukka i byrjinga av oktober. 15 dagar på drueskalet i ståltankar, 2 år på slavonsk eik.   

Kirsebær parfymert med  hageroser fyller rommet ved opning av flaska. Eit lite prøveglas gjev hermetiserte kirsebær og blomar i nasa, spiss syre med røffe kantar i munn. Får seg eit par timar på karaffel før vi byrjar å smake på ordentleg.

To timar med luft har gjort godt – fiol, rips, kirsebær, skinnjakke, nellik og tørka frukt. Med tid i glaset kjem tjære smygande. Litt røff duft, men samstundes så kompleks og tiltalande at eg utset første slurk berre for eit sniff til.

Friskt anslag, midtparti med blåplommer og mørk, bitter sjokolade saman med friskare rips. Avslutning med ei tydeleg fruktsødme, men som strever litt i skuggen av all syra. Tanniner byggjer seg opp i rekordfart.

Reine smakar frå ein vin som nok enno er i tidleg pubertet, men som allereie no syner ein slags uvøren og  brutal eleganse. Trivst nok best saman med eit stykke kjøt eller skogssopp. Eg trudde mitt første forsøk på heimelagd pasta skulle bli for veikt i møte med vinen, men steinsoppfyll og salviesmør vart flott match.

Charles Bradley – Black Velvet

Livet er ikkje alltid rettvist. The Screaming Eagle of Soul levde eit rikt musikalsk liv, men i ekstrem materiell fattigdom, og var 62 år før gjennombrotet. Sjølv var han audmjuk og takksam for at han fekk dele sine eigne tekstar og musikk. Han rakk tre plater før han døydde av kreft i 2017. Dunham/Daptone Records har funne fram etterlatne innspelingar og har gjeve ut Black Velvet i ein svart fløyelsboks for å minnast vokalisten.

Brooklyn-hipstarane i Daptones leikar ikkje spesialutgjevingar. I boksen er sjølvsagt plata med 10 songar utgjeven for første gong. I tillegg kjem ein EP med 4 nedstrippa miksar av tidlegare singlar, ei fotobok med minner og minneord frå produsenten, intervju, Bradley sitt originale visittkort frå tida som James Brown-imitator(!), ei platematte(!!) og blomsterfrø (!!!) ein kan plante for å minnast vokalisten.

Røysta er stor og særprega, lydbiletet har den vande Daptones-signaturen, men det er nok ei grunn til at andre songar enn desse vart valt til platene. Heldigvis er det nokre herlege unntak. Nirvana sin Stay Away er sårare og meir sentimental enn kva Kurt Cobain klarte å gjera låta, medan Heart of Gold og Luv Jones lét kjempetøft.

Då har eg meir sans for EP-en med nedstrippa (men framleis funky) versjonar av Strictly Reserved og ikkje minst nydelege The World is Going Up in Flames. Ei verdig avslutning på ei altfor kort karriere.

Kjelder:
https://www.travaglinigattinara.it/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
https://daptonerecords.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *