Ved Dionysos!

Sakte er greske vinprodusentar i ferd med å få sjølvtilliten attende, og fleire tar etter kvart sjansen på å bruka dei regionale druene som er unike for landet. Eg medgjev at manglande kunnskap om gresk mytologi og greske druer er mi Akilles-skulder, men litt smaking av koko druer er det blitt. Nattverden har tidlegare prøvd Moschofilero, Agiorgitiko, Plyto, Vilana og Malagousia. No er det Xinomavro sin tur.   

På familiegarden i Trilofos, Naoussa – vi er i Sentral-Makedonia, nord i Hellas – ikkje så langt unna Thessaloniki, har Apostolos Thymiopoulos bestemt seg for å behalda druene sjølv framfor å selja dei slik generasjonane før han gjorde. Garden er økologisk sertifisert, dyrkingsprinsippa biodynamiske, intensjonen å ha råstoff av så høg kvalitet at det trengst minst mogleg innblanding frå åker til flaske.

Thymiopoulos Naoussa Alta 2016

100% Xinomavro frå høgste marka (450-650 moh), handplukka druer, økologisk sertifisering, biodynamiske prinsipp, spontangjæring, 8 månader på gamle fat.

Støvete snute, fiol, kirsebær og lakris. Kraftig duft frå nyopna, kjellarkald flaske. Blindt hadde eg med stor bravado ropt Nebbiolo og lent meg sjølvtilfreds tilbake. Medan temperaturen stig i glaset kjem imidlertid rosmarin snikande saman med modne bjørnebær, lyse bringebærtonar og eit jordleg skogspreg. Behageleg å lukte på – tar meg i å berre ville ta eit sniff til før første slurk.

Friskt anslag, midtparti med lagvise kirsebær og søtlege krydder. Fyldig og lang avslutning med eit urtebittert sting. Med tid kjem ei fin og evigvarande bringebærsyre.

Lettdrikkeleg, men samstundes energisk konsentrert og med nok ryggrad til å gje akkurat passe motstand. Tanniner byggjer seg langsamt opp, og kler vinen godt. Fungerte veldig bra til and med soppravioli. Gøyaste vinen eg har drukke på ei god stund.

Brad Mehldau – Finding Gabriel

Brad Mehldau – klassisk utdanna pianist som skulle vera jazzens redningsmann, men i staden gjekk sine eigne vegar. Undervegs har han tukla med både Bach og Beatles, i periodar parkert pianoet til fordel for analoge synthar – og nærast overraska innimellom når det har komen «vanlege» pianotrio-album. Samstundes er han ein melodikar og sjølv dei skarpaste kantane i musikken hans er innafor toleransegrensa  til dei fleste.

Det ser ut som songsyklusen er på moten igjen etter 200 år – dei siste åra har både Carla Kihlstedt, Esperanza Spalding og Laurie Anderson gjeve ut tematiske plater. På Finding Gabriel frå 2019 har Brad Mehldau  satt seg føre å tematisera Det Gamle Testamentet i lag med dagens politiske landskap. Instrumentalt!

Nuvel – ikkje heilt. Det er mykje spoken word og ordlaus vokal på plata, mellom anna frå Becca Stevens og Kurt Elling, pluss ei bandkjerne med Mark Guiliana (David Bowie) og Ambrose Akinmusire, litt stryk og litt blås, men stort sett er Mehldau åleine sitt eige band på diverse akustiske og digitale tangentar. Isolert sett er plata eit tverrsnitt av alle stilane Mehldau er kjend for: her er impresjonistisk piano, her er pop i grenseland til å bli for glatt men heldt seg akkurat innanfor, for ikkje å snakka om grovy synthbass som får huset til å riste, og neo-prog som hadde sendt King Crimson på øvingshotell.

Absurd nok så lukkast ikkje prosjektet – eg kosar meg ekstremt med den varierte musikken, men blir ikkje knytta til historia han ønskjer å formidle. For meg gjer det likevel ingenting når musikken er så bra i seg sjølv.

Kjelder:
www.nonesuch.com
www.bradmehldau.com
Div Wikipedia
www.vinarius.no
http://www.thymiopoulosvineyards.gr/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *