Vellukka Experiment

Trass den mørke fargen er prokupac tradisjonelt mest brukt til rosévin eller i raud blend med meir populistiske druer. Sjølv om drua er vanleg i det tidlegare Jugoslavia, er den hardføre sorten, som fint tåler temperaturar ned mot minus atten gradar, knapt kjend utanfor Serbia, Kosovo og Nord-Makedonia. I Serbia kjem ein ny generasjon med småskala vinprodusentar ut av garasjane sine – og Radovan Djordjevic hjå Podrum Čokot vil gjerne syna at prokupac kan fungera åleine som raudvin.  

PODRUM ČOKOT EXPERIMENT PROKUPAC 2017

Župa, Serbia. 100 % prokupac. Handplukka druer, spontanfermentert, uklarna, ufiltrert. Lavintervensjon og la jordsmonnet snakka uforstyrra, og alt det der…

Småkaotisk ut av flaska: blåplommer, skinnjakke og nykverna pepar. Lysare bringebærtonar med tid i glaset. Vin på vandring – medan blåplommer ligg som ein pedaltone, glir duftane innom fiol, mørk sjokolade og kaffibønner. Tar meg sjølv i å utsetja første slurk for eit sniff til.

Litt røft anslag før vinen samlar seg om blåplommer og solbær, medan mynte og kamfer ruslar rundt i bakgrunnen. Lang og fyldig avslutning med solbær og ørlite nellikkrydra kakao. Tanniner går til angrep allereie i andre glaset og treng å haldast i sjakk med ein bit kjøt.

Artig vin som fungerte godt til sopprisotto og eit stykke hjort. Skal ha lagt eit år på fat, men det er knappast merkbart. Bra kjøp til rundt 250-lappen.

GIZMODROME – GIZMODROME

Denne gjekk under radaren i 2017. Italienske Vittorio Cosma samla ei supergruppe (for å sei det mildt) med Stewart Copeland (The Police), Mark King (Level 42) og Adrian Belew (Frank Zappa, King Crimson, David Bowie), i hovudsak med Copeland som låtskrivar og sarkastisk tekstforfattar.

Meir leikestove enn supergruppebusiness – tenk Talking Heads med lange soloar, men mest ei morosam suppe av kvar dei ulike musikarane kjem frå. For meg er det mest gøy å høyre samspelet mellom Copeland og King – to rytmemonstre som kvar for seg har definert seg sjølv som dei vil – men som no må ta omsyn til kvarandre. Oppå der ligg det ganske ville soloar frå Belew og Cosma, samt ein Copeland på vokal som ikkje tar dette seriøst i heile tatt… Gøy!

Kjelder:
Platecover
Diverse Wikipedia
https://balkanmood.com/

Leave a Reply