Vetrère Cré Bianco 2017

Hælen på Italia har ei rufsete okkupasjonshistorie som frå bronsealderen involverer Hellas, Spania, Tyrkia og Venezia. Det er av sine eigne ein skal ha det…

Puglia er nok mest kjend for olivenolja si, medan vindyrkinga har handla mykje om volum og høgt alkoholinnhald, ikkje kvalitet. Med strengare krav til lågare utbytte er konsentrasjon og kvalitet på veg opp, noko som vert spegla i stadig fleire vinar med DOC-status. Dess lenger sør, dess fleire stadeigne og unike drueslag.

I Salento regjerer søstrene Bruni over vinmarker med Negroamaro, Primitivo, Malvasia og Chardonnay. Og Minutolo – ei ekstremt lokal drue kjend frå 1200-talet, lenge trudd å vere ein variant av Fiano (Ok, kanskje ikkje verdskjend den heller…), men drue-CSI har synt at vi er meir over i Moscato-land.  

Vetrère Cré Bianco 2017

100% Minutolo

Skumbanan og papaya frå nyopna flaske. Limeskal og blomstereng heng seg fort på i ei delikat og behageleg duft.

Pilsbittert anslag som glir over i grapefrukt og moden ananas, midtparti med søtleg tropisk nektar og stikkelsbær. Rund avslutning med anstendig lengde.

Enkel og velsmakande – men etter kvart litt monoton – vin som fungerte fint til røykt aure. Reine smakar, men lite syre, sjølv om halvcrisp lime kjem med tid og luft. Uansett artig med ei ny drue i skjeftet.

Fleire obskure druer frå Italia HER

Jan Erik Kongshaug – All These Years

Lydlegenda har feira sytti år – i Rainbow Studio har han vore teknikar og/eller produsent på rundt 4000 plater – 700 av dei for ECM – og fått eit namn som i seg sjølv er garanti for kvalitetslyd. Sjølv har han gjeve ut to plater der han spelar gitar og (sjølvsagt) er lydteknikar. Bandet sit i studiorommet – Kongshaug framfor miksepulten medan han spelar gitar.

All These Years er andreplata frå 2003, no ute på vinyl mykje takka entusiasmen frå Christer Falck. I kvartetten har han med – (dette kjem til å få meg i trøbbel) den gong unge –  Svein Olav Herstad, Harald Johnsen og Per Oddvar Johansen i ein standard jazzkvartett.

8 spor (10 på cd-en) der Kongshaug sjølv pludrar melodisk medan bandet vekslar mellom å støtta og utfordra låtane hans. Sjølv om lyden er som om gitaristen sit i stova så blir balladane (med unntak av All These Years som syner kor dynamisk ein gitar kan vere) litt for snille for meg.  

Høgdepunkt? Den lågmælte intensiteten i Brazilian Night med ein neverending gitarsolo som aldri slepp opp for idear, trøkket i Pat og samspelet i Jack.

Kjelder:
http://www.vetrere.it
Div Wikipedia
http://www.vinidipuglia.com

Ein tanke på “Vetrère Cré Bianco 2017

Leave a Reply