Timorasso – nær utdøydd Piemonte-drue, redda av Walter Massa på 80-talet, og har fått ein slags kultstatus blant overjoviale vinkelnarar. Forøvrig den vanlege historia: desimert av phylloxera, erstatta av meir populistiske drueslag, og redda av entusiastar. Var det verd bryet?
Vietti Timorasso Derthona 2020
Colli Tortonesi, (lengst aust i) Piemonte, Italia. 100 % Timorasso. Handplukka druer. Fermentering fordelt i keramiske egg, ståltankar og store fat. 10 månader på botnfallet med stadig omrøring. Vegansk.
Pære, sitron og grapefrukt, saman med våt stein, litt honning, litt krydderskuffe, antydning til sumarleg blomstareng. Reine, behagelege og fruktige duftar.
Leskande og vektlaus munnkjensle. Kjeldevatn parfymert med sitron, etter kvart kjem grapefrukt, honning og eit småbittert kjørvelstikk. Lang og sexylubben avslutning med konsentrert sitron, fersken og honning i flott balanse.
Dette var veldig godt. Elegant, sjølvsikker lågmælt, og klokkerein vin der smaken – av alle ting – minna meg om Keller Kirchspiel. Ekstra godt saman med fennikelpølse og linser. Forsvarar greitt ein firehundrelapp i pris, 13,5 prosent alkohol er skummelt godt kamuflert.
Aoife O’Donovan Plays Nebraska
Nebraska var det mystiske albumet til Bruce Springsteen – skvist inn mellom The River og Born in the USA i 1982 – spelt inn åleine på kassett med tekst-tema som låg nærare Bob Dylan, Tom Waits, Cohen-brørne og Nick Cave enn stadion-låtane som gjorde han til verdas største konsertstjerne.
I 2020 sat vi i karantene og konsertstreaming skulle redda både kultur og psyke, noko som fungerte i ein månads tid. Av det mest vellukka frå pandemiproduksjonen er då Aoife O’Donovan (Crooked Still, I’m With Her, Chris Thile) tok sine oppvekstminner frå musikken pappa O’Donovan spelte på kassett i bilen til ei back-to-back nyinnspeling av heile plata – livestreama frå eigen heim.
Og ja, det som er ei musikalsk novellesamling frå Springsteen – upolert historieforteljing fylt av desperate sjeler som handlar ut frå forståeleg desperasjon – får nytt liv med Aoife si inderlege røyst. For spesielt interesserte er ho (så vidt) innom Europa i 2023 for å gjere Nebraska live.
Kjelder:
https://www.vietti.com/
https://www.forbes.com/
https://aoifeodonovan.bandcamp.com/album/aoife-odonovan-plays-nebraska
Savner en link til vinmonopolet. Evt hvis de ikke har den, at det opplyses om dette.
Dessverre utseld, men ryktet seier at Principiano sin Timorasso også er god. Tilgjengeleg og 150 kroner billigare…
https://www.vinmonopolet.no/Land/Italia/Piemonte/Langhe/Principiano-Langhe-Bianco-2020/p/14851901
Jeg smakte denne vinen for noen år siden:
Vigneti Massa Derthona Timorasso 2021
Var på ferie i Roma, og på en restaurant ved siden av Spansketrappen ble den servert til en pastarett.
Var virkelig en skikkelig høydare av en kveld.
Senere bestilte jeg den på polet i Norge.
Dette er da noen år siden.
Men kan anbefales på det varmeste!