Vin-Dráma

Nordaust i Hellas er det lett å sjå at det ikkje berre er norske fylkeskommunar som må kompromissa på namneval. Der ligg periferien ‘Aust-Makedonía og Thráki’, og inni der – heilt nord, oppunder fjella mot Bulgaria – ligg Dráma, ein liten region som trass høg kvalitet i vinproduksjonen enno ikkje har fått sin eigen opphavs-appellasjon. Her har Nikos Karatzas – med vinstudiar frå Bordeaux i lomma – sidan 2015 etablert seg som ein slags mini-négociant som kjøper opp tradisjonelle druesortar, og lagar vin i små kvanta.

Oenops Rawditis 2018

Drama, Hellas. 100% roditis frå rundtom 50 år gamle stokkar. 1 månad på skalet (dersom månaden er februar), spontanfermentert, 6 månader på amfora. Usvovla, uklara og ufiltrert.

Sur-søt pickles, kamillete og gule plommer. Moderat, men likevel tydeleg «naturvinduft» frå nyskjenkt glas.

Slank munnkjensle som vinn fylde inn i eit midtparti med aprikos, klementin og saltstein. Lang og frisk avslutning med sylta sitron og eit ørlite bittert urtestikk. Luft og tid kjem med meir syre og sitron.

Vellukka og relativt rein minimaltintervensjonsvin på den moderate naturvinsida. Skummelt leskande åleine, fungerte samstundes veldig bra med parmesankylling. Morosam og god vin til 245,-  

Meir gresk vin HER

Pino Palladino and Blake Mills – Notes with Attachments

Det er noko eige med beskjedne bassistar. Det skulle altså ta 40 år som profesjonell musikar før Pino Palladino debuterte med eige plate, og sjølv då skjer det ikkje åleine. Med seg har han Blake Mills – gitaristen og produsenten som i det daglege jobbar med Bob Dylan, Fiona Apple og John Legend.

Mellom bassistar har Palladino lenge vore ei legende,  pop-/studiobassisten som med melodiske fretlesslinjer definerte balladelyden på åttitalet. Sjølv var han litt flau over heile greia, men det førte han frå Paul Young, Tears for Fears, Eric Clapton, Elton John og David Gilmour, til D’Angelo, The Who(!) og John Mayer. Pluss ein haug med andre undervegs…

No er han uansett ute med eige plate der leikne groover møter filmmusikkaktige landskap, afro-beat og D’Angelo-funk. Her er lite av tradisjonelle vers/refreng, til gjengjeld er det mykje puls der bassen diskré styrer det meste saman med trommeslagar Chris Dave, medan gitar og Sam Gendel på saksofon krydrar små melodiar oppå. Hypnotisk og variert plate!    

Kjelder:
http://www.oenopswines.gr/
Diverse wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner.

3 tankar på “Vin-Dráma

  1. Jeg er innom Nattverden fra tid til annen. Mye bra vinomtaler og musikktips – på nynorsk. Det er flott! Mvh pje

Leave a Reply