Albansk vin har lange tradisjonar, med historikk attende til bronsealderen, minst. I moderne tid vart landet hardt råka av phylloxera og kollektivisert planøkonomi, men er forsiktig på veg opp att. I Berat har familien Nurellari haldt det gåande sidan 1920, og har dei siste åra investert stort i nye lokale, der dei satsar stort sett på lokale drueslag.

Nurellari Pulsi Beratit 2024
Berat, Albania. 100 % Pulés.
Tydeleg frukt som glir mellom kvass sitron og nyskoren Granny Smith. Søtare pære med tid i glaset. Enkle, men reine duftar.
Lett og forsiktig anslag, rennefart inn i eit midtparti med pære, lett bitre urter og saltvatn på leppene. Fyldig avslutning med nøtter og moden pære.

Rein og fruktig vin – god, men utan noko særleg kompleksitet. Fungerte godt aleine, og veldig godt saman med sjømatpasta – men likevel ikkje opplevd verd nesten 400 kroner.
REO Speedwagon – Hi Infidelity

Utskjelt og håna – ofte med rette – for å vera verdas mest kynisk kalkulerte arenarock-band, der allsongrefreng og sentimentale power-balladar vart gjerda inn med gitarsoloar. I 1980 traff dei likevel planken med Hi Infidelity – ei plate som for all del har sine pompøse augneblink, men som likevel er variert nok til å framleis vera interessant.
Her er dei to balladane du i alle fall har høyrd – Keep On Loving You og Take It on the Run, men også låtar som lét som ei blanding av Beach Boys og Fleetwood Mac, og musikk som er tydeleg inspirert av gospel. På Tough Guys hyller dei til og med tøffe, sjølvstendige damer – ikkje heilt vanleg i ein ofte misogyn sjanger.
Velspelt og vellaga plate med lett pubertetsnostalgisk flauhet når eg tar meg i å syngja med.
Litteratur:
Diverse Wikipedia
https://reospeedwagon.com/
https://nurellariwinery.com/
