Vin på skogen

Ein del druesortar er gøyare å uttale gjennom flaska enn andre. Bukettraube tronar sjølvsagt på topp, men italienske schioppettino heng ikkje langt bak. Drua levde eit stille liv utanfor Friuli i nokre hundreår – så kom bladlusa, og ved nyplantinga vart schioppettino ofra til fordel for meir populistiske drueslag. Drua vart sett på som så utrydda at sjølv italiensk vinbyråkrati ikkje ville vedkjenna seg eksistensen. I 1970 fann Ronchi di Cialla-eigaren nokre overlevande busker,  på nokre år vart 60 planter til 3500, og vinen var attkomme.

Ronchi di Cialla Schioppettino 1993

Friuli Colli Orientali, Italia.Vi er sånn halvanna time aust for Venezia…  
100 % schioppettino, druestokkar frå tidleg 70-tal. Handplukka druer, spontangjæring, modning på fransk eik i 18 månadar før flasking.

Mykje kvit pepar, våt skogsbunn, søtlege svisker, Petterøe’s 3, anis og tørka frukt. Peparkvern på arboreal tur tar litt mykje plass på bekostning av andre kule ting, men uansett spanande duftar.

Mjuk munnkjensle. Mykje tyttebær og snuble-i-våt-lyng, litt morell, litt rips, litt urtebittert. Anstendig lengde med ripssyrleg avslutning.  

Spanande, men vart ikkje heilt komfortabel med denne –  syns det vart ubalansert i retning kvit pepar og våt skogsbunn, (noko som fekk meg spontant irettesett frå medsmakarar som likte vinen veldig godt). Fungerte på ein snodig måte saman med hjort og sopprisotto, men i staden for kontrastar og likskapar til maten, var det som om vinen kapsla seg rundt dei andre smakane. Veldig rart, usikker på om eg likte flaska eller ikkje – burde antakeleg låsa meg inne åleine og utforska vinen på nytt, men til 800,- blir det nok berre med den eine gongen..    

Diverse Artistar – Sacred Soul of North Carolina

Soul music, men utan sex…


Om du berre skal kjøpe ei plate med religiøs musikk frå Nord-Carolina i år, så sørg for at det blir denne. Elleve band, åtte dagars maraton saman med dei beste gospel-musikarane i delstaten.

Dersom ‘Dedicated men of Zion’ og ‘The Glorifying Vines Sisters’  framstår litt konservativt på papiret, så lét dei meir funky enn Les Claypool, og meir sjelfull enn Ann Peebles. Om du lurer på kvar Ray Charles, Little Richards, Blues Brothers, Wilson Pickett og James Brown kjem frå, så ligg mange svar på denne plata.

I tillegg er ‘Bible & Tire’ verdas beste namn på eit plateselskap…

Kjelder:
Diverse wikipedia
Oz Clarke / Margaret Rand – Druer og viner
https://www.ronchidicialla.it/
https://biglegalmessrecords.com/

Leave a Reply