Cornelissen Contadino 2013

VIN:

Cornelissen Contadino 2013

Gjentatte flaskefeil har etablert eit anstrengt og misantropisk tilhøve overfor belgiske vinmakarar på Sicilia – gleda er desto større når ei perfekt flaske viser kva Frank Cornelissen er god for.

Ufiltrert med veldig mykje sediment – varsam dekantering er nok ein god ide… Nydeleg rubinraud farge.

Brutal snute rett frå nydekantert flaske. Rått kjøt, oliven, spiss ripsduft, litt plomme/morell i bakgrunnen. Med tid søtlege plommer. Framstår som meir og meir strukturert med tid – etter nokre timar har eit litt primitivt og cro-magnon kjøtpreg glidd over til fine toner av lær og skinnjakke.

Kaotisk, men frisk og delikat smak. Plommer og rips konkurrerer om framsetet. Litt svart pepper og antydning til bitter fruktstein.
Avslutter med frisk og deilig ripssyre.

Vedunderleg vin – lett som silke, men med eksentrisk særpreg. Drukke til diverse spekemat og faste oster med stor lukke.

VINYL:

Fleetwood Mac – Rumours

Det finns ein liten eksklusiv klubb med plater som (der det i alle fall blir hevda at dei) har selt meir enn 40 millionar eksemplar – Thriller, sjølvsagt. Dark Side Of The Moon, Back In Black og til og med Bat Out Of Hell…

Og Rumours. Bluesbandet Fleetwood Mac som etterkvart vart eit relativt suksessfullt popband gjennom 70-talet utan heilt å få gjennombrotet. I forkant av Rumours strevde dei to para i banda med forholda sine og byrja å skriva songar om det.  Klisjeen om at stor kunst krev liding blir plutseleg veldig tett når når bassisten må forholda seg til at  kona sin hylling til lysteknikaren “You make loving fun” kjem inn på setlista… Saman med andre brot og hemmelege forhold i bandet, blir heile plata nærast både ei terapeutisk og voyeuristisk oppleving.

Å vidarebringa sladder er alltid spanande, men det sel ikkje 40 millioner plater. Kan du derimot gjera personleg smerte til noko universelt og pakka det inn i ein snerten popsong (Finns det eigentleg ei vakrare ballade enn “Songbird”?)er du på veg. I dét perspektivet er det sidan 1977 få – om i det heile nokon –  plater som har ei tettare samling pop-perler med samme samanvevde kompleksitet mellom sår tekst og vakker melodi.

Bonus: Medan dette blir skrive er jubileumsboksen for plata (1LP+4CD+1DVD+bok) til sals for 21 pund hjå Amazon : Fleetwood Mac – Rumours

 

 

 

Ein tanke på “Cornelissen Contadino 2013

Leave a Reply