CH MALESCASSE 2003

CH MALESCASSE 2003

Etter ein periode med hipstervin, astronomiske kalendrar, nedgravne kuhorn, biokrystallisasjonsmetode, månefasar, pét-nat og what-not kjennes det riktig med noko klassisk Bordeaux…

På den høgste garden i Lamarque – i Haut-Médoc mellom Margaux og Saint-Julien – har Chateau Malescasse historikk tilbake til 1824. I april smakte eg deira 2010 og likte det ganske så godt. Når eg så oppdagar at 2003 ikkje berre er tilgjengeleg (og framleis er i nettbutikken til Vinmonopolet!), men til ein vesentleg lavare pris, er dette ikkje noko å stusse på…

P1040741

Flaske med litt lav Phil, men ingen antydningar til feil på vinen; kraftig duft av sigarskrin, tobakk og solbær. Litt hengt kjøt og etter kvart rips. Ein periode blir plomme og tobakk overveldande, men runder fint av med vanilje og ripstoner etter ei stund. Delikat duft i glaset.

P1040752

Modne plommer, frisk rips, solbær, antydning til jordtoner, etter litt tid kaffi. Der 2010 vart litt pistrete mot slutten er det her eit fyldig og konsentrert midtparti og fin lengde. Fungerte veldig bra saman med mørbrad. Kjennes yngre enn 14 år. Røverkjøp!

P1040750

PHIL COLLINS – FACE VALUE

I 1979 sat Phil Collins i ruinane av eit ekteskap han fortvilt, men fånyttes hadde forsøkt å berga. Genesis hadde pause, tendensen til å drikka vin og sjå cricketkampar om føremiddagen fekk ein skummelt høg frekvens – heldigvis tok han terapibehovet med seg til pianoet og resultatet vart etter kvart ei av dei klassiske platene frå 80-talet. Sjølvtilliten var ikkje høg, og det var først då han fekk strålande tilbakemeldingar frå Ahmed Ertegun – den legendariske leiaren av Atlantic Records og mannen som oppdaga Aretha Franklin og Ray Charles – at Collins tenkte dette kunne bli noko for andre enn seg sjølv.

«So I communicate in song. When Andy hears these words, she will realize how fucking hurt I am, and how much I love her, and how much I miss my kids, then she’ll understand. Then it’ll be OK.»

Det vart ikkje OK. Derimot vart In The Air Tonight  ein uventa megahit som på mange måter er heilt feil i all låtskrivar-ABC, men som i dag er ein låt som definerar 80-talet. Pluss verdas mest kjende trommebreak – «the gated drum sound» – lyden hadde teknikar Hugh Padgham og Phil Collins jobba fram då dei spelte inn Intruder for Peter Gabriel.

«With hindsight, I now know that that day or two we’d spent working on Peter’s third album in Townhouse in 1979 was life-changing.»

Songen fekk til og med sin eigen konspirasjonsteori – Snopes – In The Air Tonight

Om In The Air Tonight er undertrykt sinne som til slutt eksploderar, så er det ikkje like svart heile tida – allereie i låt to This Must Be Love har han treft Jill som etter kvart blir trua på framtida og ny ektefelle. Albumet vekslar mellom dei to perspektiva. Her møter vi også bassisten Alphonso Johnson (Weather Report, Michael Jackson) for første gong, og som tilfører ryggrad for låtane gjennom mesteparten av plata.

Behind The Lines er den funky versjonen av Genesis-låta frå Duke. Cue The Phenix Horns – blåsarane til Earth, Wind & Fire – kanskje den mest presise og mest aggressive hornrekkja nokon sinne. Maurice White var mildt sagt ikkje blid over at «that white guy» brukte dei og mellom anna sytte han for at Collins ikkje slapp inn backstage på Madison Square Garden då han var der under konserten deira.
The Roof Is Leaking er lågmælt hillbillyoptimisme trass dårleg odds (Against All Odds er forøvrig skrive i denne perioden, men Collins trudde ikkje låten var god nok for plata). Herifrå og ut side 1 blir det brått veldig utypisk ei plate frå 80talet, og minnar meir om Joe Zawinul på sitt mest popete. Shankar får stor fridom både på fiolin og trommer, medan siste låta blir ein funky showcase både for tromme-Phil og blåsarane.

P1040749

Side 2 startar småsentimentalt med I Missed Again, om teksten er bitter så er låta likevel catchy. Knallsterk poplåt med minigjestesaksofonsolo frå Ronnie Scott (Jepp, han med jazzklubben). You Know What I Mean er Phil, piano og strykarar, og kanskje den tristaste songen på plata – som brått går over i ‘bounce back-låta’ Thunder And Lightning der «it feels all right» er mantraet.

«The lights are down and we’ve had a few too many drinks […] I play him ‘If Leaving Me Is Easy’, and the thing with Eric is, he only plays when he’s got something to offer. He plays a guitar part, but ol’ Slowhand takes it slow. I was hoping he’d play more, but he says, ‘I didn’t want to play, I didn’t want to mess it up.’»

Eric Clapton på fyllegitar gjer ikkje så mykje av seg. Han spelte også dobro på The Roof Is Leaking men er ikkje med på den endelege versjonen (Demoen med Eric Clapton er med på den remastra cden av Face Value frå 2015). Uansett er Face Value eit så heilstøypt album at ikkje eingong avslutninga med ein katastrofal cover av Tomorrow Never Knows klarer å øydeleggje.

P1040735

Kjelder:

Phil Collins – Not Dead Yet – The Autobiography
Diverse Wikipedia
Face Value – innercover

2 tankar på “CH MALESCASSE 2003

  1. Hei Jan Tore
    Diverre er Chateau Malescasse ikkje å finna i listene til polet.
    Eg har i alle høve ikkje evna å finna noko.

    Mvh
    Odd Ohnstad, Flåm

Leave a Reply