Vino Casa Vital Azul Mediterraneo 2015

Vino Casa Vital Azul Mediterraneo 2015

Spylarvæskevitsane sit laust, så la oss få det ut av vegen først: Vinen er laga av chardonnaydrua, er ein kvitvin, men er tilsatt antocyanin – eit naturleg fargepigment henta ut frå blå druer og er tilsatt vinen for skapa ein blåfarge som antakeleg skal gje assosiasjonar til middelhavsk opphav.

“Hos blomster hjelper antocyaniner med å tiltrekke pollinatorer” (wikipedia)

På snute er det mykje syntetisk bringebær, vingummi og smågodt. Litt epler, melon og fersken. Ikkje vond duft, men det kunstige preget tar litt stor plass.

Ikkje mykje smak. Det syntetiske er med frå duft. Stutt og pistrete midtparti, med godvilje litt Granny Smith, sødmefylt preg i ein kort slutt.

Heilt grei vin om prisen hadde vore hundre og eit par kroner – til 189,- er det eit ran uansett farge…

Philip Bailey – Inside Out

Philip Bailey – lysaste røysta i Earth, Wind & Fire og han som hadde ein kjempehit med “Easy Lover” saman med Phil Collins i 1984 – prøver å følgje opp suksessen to år etter og lukkast sånn måteleg.

Inn med Nile Rodgers (Chic) som produsent – som i samme periode hadde stor suksess med Robert Palmer og Madonna – pøs på studiomusikarar i verdsklasse: Daryl Jones (Miles Davis, Sting, Rolling Stones), Nathan East (omtrent alle), Ray Parker jr (han med Ghostbusters), George Duke (Frank Zappa); såvel som gjestebesøk frå Phil Collins og Jeff Beck.

Resultatet er dansefunkpop med catchy melodiar og eit (overraskande) friskt lydbilete, antakeleg takka vera mange musikarar og lite programmering.

På den positive sida brukar Philip Bailey heile stemmeregisteret sitt – han har ei røyst som verkeleg fortener merksemd – ikkje berre når han brukar varemerket sitt langt oppe i fyldig falsett, men også som ein stødig tenor. Undervegs er han nær å synga i fire oktavar med saumlause overganger. Det heile er glatt produsert og tekstane er nødrim på Hjalmar-nivå kun laga for at Mr Bailey skal sleppa å nynne…

Til dømes:

No one could ever survive
Without caring what’s on the inside

Eller:

It seems just like yesterday 
when we said hello
Then you stole my heart away
I gladly let it go.

Eller plutseleg seksuell innuendo(!):

It’s not the size of your stash
It’s the size of your heart

Eg trudde det skulle bli lett å slakta albumet, men det er det ikkje. Til å vera ei 30 år gamal plate lét det friskt og tidlaust, om enn glatt. Arrangement – både instrument og vokal – er elegante og detaljerte, lyden er organisk og luftig. Blanding av dansefunk, mid-tempo og ballader er heilstøpt, og Philip Bailey har ei heftig røyst.

2 tankar på “Vino Casa Vital Azul Mediterraneo 2015

Leave a Reply