Vinema Paradiso

«No grape brings more joy or more pain» (Carlo Ferrini)

Sangiovese – Jupiters blod, og arbeidshesten i Italia si mangfaldige drueverd, brukt i alt frå enkle bordvinar til supertoscanarar til søt passito. Det er ei drue du antakeleg har smakt – enten i chiantien du tok med på ex. phil-fest i studiedagane for å visa din gode vinsmak, eller som matvin på ferien gjennom Italia. Drua er varmekjær, mognar langsomt, og kan enda opp som lett og ukomplisert eller kompleks og lagringsdyktig vin alt etter kven, kvar og korleis…

I Romagna har Fattoria Paradiso vore ein pioner i moderniseringa av vindyrkinga, og har i tillegg jobba for å redda gløymde sortar som pagadebit, barbarossa og cagnina (terrano). Økologiske prinsipp og bærekraftfilosofi der tradisjon møter moderne vinmaking.

Paradiso Sangiovese di Bertinoro Riserva Vigna delle Lepri 2015

Romagna, Italia. 100 % sangiovese. Eller rettare sagt ein (i følgje produsenten) ekstra god variant av ganske mange sangiovese-kloner – som bruket fekk via Biondi-Santi i 1960, og som dei har laga vin frå sidan 1970. Fire år på eik, eitt år på flaske.

Avskalla og misforma kork, men ingen skade på vinen. Kirsebær, mandlar og svart pepar frå nyopna, kjellarkald flaske. Meir blomstrete etter kvart som temperaturen stig i glaset. Ørlite nellik langt baki. Opnar seg med fyldig blåplomme, skinnjakke, Petterøe’s 3 og søtleg krydderkake etter ein times tid. Behagelege duftar.

Forsiktig anslag, raskt crescendo in i eit konsentrert midtparti med søte plommer, blåbær og morell. Eit lite bitterstikk som glir mellom lakris og plommestein før granateple-syra kjem i ei lang avslutning. Tanniner tusler stille rundt i bakgrunnen utan å gjera noko av seg, korkje med eller utan matfølgje.

Velbalansert high end-sangiovese med reine smakar og sympatisk prisnivå som fungerte bra til steinsoppravioli med salviesmør. God vin til 340,-

David Lee Roth – Sonrisa Salvaje

David Lee Roth skal pensjonera seg, leste eg nettopp. Der Bon Jovi og Europe tok seg sjølv litt for seriøst var det i 1986 noko leikent over David Lee Roth som var ekstremt forfriskande. Fri frå Van Halen tok han rennefart med nytt band og verdas mest intense sceneshow. Og for eit band! Steve Vai (Frank Zappa), Billy Sheehan (Talas, Mr. Big) og Greg Bissonette (Maynard Ferguson(!), Spinal Tap(!!), Toto) klarte å balansera på eggen mellom virtuos rock og fjollete hår-metall.  

At Eat ’em and Smile vart ein kjempesuksess veit dei fleste; at Sonrisa Salvaje vart sloppe omtrent samstundes er mindre kjend. Roth – som snakkar flytande spansk og portugisisk – såg ei marknad for musikken sin sør for Sambandsstatane og song rett og slett inn albumet att på spansk, til blanda mottaking, synte det seg…

Kynisk, tja… Uansett legg han lungene i potten, om fraseringane ikkje passar like godt og samspelet ikkje er like integrert, så er det like intenst sunge som originalen. Morosamt gjenhør med ein lingvistisk vri.  

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
https://fattoriaparadiso.com/
https://davidleeroth.com/

Leave a Reply