Voskì in a teacup

Det hjelper liksom ikkje å ha verdsrekorden i vin (sjølv om Georgia er ueinig) når Sovjetunionen rota det til for jordbruket ditt. Armenia er eit av desse eldgamle, fillerista Kaukasus- vegkryssa i historia, utsett for folkemord av det Ottomanske riket, tvunge saman med Georgia og Aserbajdsjan som Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk, og omsider sjølvstendig stat igjen frå 1991. Oppi fjella prøver vinmakarar å sjonglera 6000 års tradisjon med koko druer og moderne innovasjon. Lukkast dei?

Zorah Voskì 2016

Vayots Dzor, Armenia. 50% Voskehat, 50% Garandmak plukka på 1400 meter med utsikt til Ararat – begge opphavlege  armenske drueslag med fleire tusen år gamal historie. Upoda stokkar frå gjengløymde druemarkar. Spontanfermentering, lagring i betongtankar i 11 månader før 6 månader på flaske.  

Fyldig duft frå nyopna flaske. Appelsin, fersken, flintstein, røyk, pære og kvit pepar. Spanande snute, endrar seg mellom kvart sniff. Blir raskt i overkant steinete og får ein times karaffelkarantene før ordentleg smaking. Meir samla etter ein luftetur – geologien har dempa seg og blitt erstatta med blomstereng og sylta sitron.

Fyrrig anslag, konsentrert midtparti med sitron og gule plommer, samt eit litt olivenaktig bittersting undervegs. Rund og rein sitron og kalk i ei evigvarande – nesten sjampanjeaktig –  avslutning med lenger fade-out enn Hey Jude.

 Gøyaste kvitvinen eg har smakt i 2020 – kompleks og på vandring, men heile tida reine smakar. Fungerte toppers med fritert fisk og poteter – ein rett som er så god at han burde hatt eit eige namn. 13,5% alkohol ikkje merkbart på annan måte enn at eg prøver å læra meg Like a Virgin på akustisk bass…  

Chinatown Bluesband – Silvertones

Nok eit HP Gundersen-prosjekt, denne gongen sentrert rundt Nora Yuyue Zheng på guzheng – ein slags kinesisk sitar. Musikken er for det meste langsame coverlåtar av Rolling Stones, Kinks, Dylan, Spector og Bacharach – med Maria Due og Åse Britt Jakobsen på vokal er dette ei svært vellukka plate.

Slentrande og sjarmerande, og – kanskje skuffande for dei som venta seg ei meir eksotisk oppleving – i liten grad opplevd som kinesisk med unntak av Kinks-låta I go to Sleep. Faktisk blender guzhengen så godt inn at instrumentet fungerer mest som fretless rytmegitar gjennom plata.

Høgdepunkta er fint fordelt utover: guzheng-soloen på I Go To Sleep, pianosoloen til John JT Thomas (Bruce Hornsby, Captain Beefheart) på Mothers Little Helper, Maria Due som transcenderer Suzanne Vega på Coconut Grove, Åse Britt Jakobsen som syng Be My Baby som ho har vore ei Ronette heile livet. Legg til eit tett og samspelt band under, og du har ei plate som verkeleg imponerar.

Kjelder:
https://www.zorahwines.com/
Diverse Wikipedia

Ein tanke på “Voskì in a teacup

Leave a Reply