Weinert med beinet…

Eg har liksom ikkje heilt tatt Sør-Amerika heilt på alvor – mine snarturar innom har gjerne vore den odde brasilianske kvitvinen eller ditto argentinsk musserande. Samstundes har eg ein tanke om at kanskje Uruguay er framtida, antakeleg er det mest fordi eg har lyst å sjå om eg  kan skriva uruguayansk utan å få raud strek under…

Draumen om Patagonia er kanskje ikkje til stades lenger, men ‘sanninga’ om argentinsk biffvin er likevel godt internalisert i meg. I kveld vil eg ha raudt kjøt og streit vin frå Argentina. (Med ein minitwist – vi leikar trass alt ikkje kontrære på Nattverden…).

Cavas de Weinert fekk kommersiell rennefart då Robert Parker forelska seg i Malbecen deira. I Mendoza ligg markane til Weinert 900 meter over havet, i eit mildt men tørt område. Nattverden ignorerer denne gongen Malbec – sjekk heller Heine sin gjennomgang av Weinert her – og går for bordeauxinspirert Cabernet Sauvignon.

Weinert Cabernet Sauvignon 2008

100% Cabernet Sauvignon, fermentert i betong, 4 år på dritsvære fat, 4 år på flaske før lansering.

Mahogny, kamferkiste og søt nellik frå nyopna flaske. Med litt tid i glaset dukkar blåplomme, mokka og kaffi opp, pluss lysare ripstonar. Elegant og forsiktig snute – herleg å berre sniffa på før første slurk.

Friskt og reint anslag – meir syrleg enn dufta indikerer. Behageleg midtparti med mykje morell, blåplommer og eit lite touch mjølkesjokolade. Solid lengde med fin balanse mellom fylde og syre.

Umiddelbar og likendes vin – så smooth at eg tar meg i å kjeda meg litt og sakna litt meir motstand, satsar på at nokre tanniner tar turen innom før maten kjem på bordet. Fungerte fint til eit stykke hjort, men framleis i overkant saumlaus og glatt. Uansett eit glimrande kjøp og ein moden  Bordeaux-killer til 230,-

Martha Argerich – Piano


Argerich er snart 80, men turnerar verda framleis som kanskje den fremste klassiske pianisten i moderne tid. Vedunderbarnet konsertdebuterte som 8-åring og spelte inn første plate då ho var 19. Undervegs har ho kjend på einsemda både utanfor og på scena – til eit punkt der ho ga seg med solokonsertar og kun opptredde saman med orkester. Førsteplata er framleis eit sensasjonelt referansepunkt med ei unik blanding av teknikk og musikalitet, samt eit anslag mellom Jerry Lee Lewis og Paul Bunyan ein stad…  

Nerdane i Vinyl Passion/Sound Factory har gjort eit saftig stykke arbeid – debutplata til Argerich frå 1961 har fått full overhaling og er kutta på Direct Metal Mastering til vinyl. Resultatet lét veldig, veldig bra, spesielt er bassen utruleg definert.

Musikalsk får ho materialet til å låta friskt og nytt – sjølv eg som personleg  nærer ei djup mistru til Chopin lar meg rive med av Scherzo No 3. Både Brahms og Liszt sine rapsodiar egnar seg for både gisping og grining, medan Jeaux d’eau: Très doux frå Ravel blir eit nydeleg draumande kvileskjer.  

Høgdepunkt? Utan tvil Prokofiev sin Toccata – det er så intenst teknisk gjennomført at eg tar meg i å lure på om det er 3-4 pianistar på ein gong. Samstundes bass-groover venstrehanda så musikalsk at det eignar seg til å gjera samtidas jazzpianistar misunnelege.   

Ei plate som har overlevd snart 60 år og som minst klarer 60 til…

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia
https://www.bodegaweinert.com/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *