Who Let The DOCs Out

To sikre teikn på at du er blitt ein skikkeleg vin-nasjon er ei fancy opphavs-forkorting å setja på etiketten, og ein vin-skandale eller to. Dei siste 5 åra har New Zealand fått begge delar, men på ein meir tilbakelent New Zealand-aktig måte.

Der Europa har DOC og AOP og kva dei no heiter, med strikte reglar om drueandelar og produksjonsmetodar, har New Zealand frå 2017 innførd sin eigen Geographical Indication (GI), men det er heile vegen presisert at produsentane kan gjera akkurat som dei pleier, berre dei gjer det innanfor grensestolpane. Same år vart Southern Boundery Wines tatt til retten for å ha juksa med årganger, drueblandingar og vinmarkar. I ei langvarig sak med 156 tiltalepunkt vart dei i 2020 dømd til bøter og heimesoning.


I den grad eg eig skam når det kjem til vin, så må det næraste eg kjem ei guilty pleasure vera oversjøisk sauvignon blanc i tropisk stil. Det er noko med lett og leskande  ananas, pasjonsfrukt og fersken som sender meg til solnedgongar på Bali. Men så var det dette beistet her…

Dog Point Section 94 2017

Marlborough, New Zealand. 100% sauvignon blanc, enkelmarksvin med stokkar planta i 1992. Handplukka druer, pressa i klasar. Spontanfermentert, 18 månader på store franske fat, ufiltrert og uklara. Økologisk sertifisert.

Veldig reduktiv frå nyopna flaske – kraftig duft av nyslokt fyrstikk med tydeleg stikkelsbær bakom. Meir tilgjengeleg på tunga – fyldig sitron med litt fat. Får karaffelkarantene før neste smak, men duftar berre kruttlappsmell etter fire timar – dette luktar (pun intended) isolasjon til neste dag…

Dag 2: Reinare snute med våt stein, grapefrukt og høy. Litt treverk. Det mineralske har forrang, men meir balansert og behageleg i dag.

Rund munnkjensle, kraftig og konsentrert midtparti med stikkelsbær, sylta sitron og sitrondrops, saman med nesle og litt muskat. Noko chenin-aktig våt ull kjem og går. Evigvarande avslutning med syrleg lime og sitrondropssødme.    

Seriøs vin i powerhouse-klassen som treng ein heil del planlegging før konsum. Trengte 24 timar før vinen bydde på seg sjølv, og hadde antakeleg tålt eit par dagar til med lufting. Fungerte bra til kylling med ingefær og chili, men denne taklar nok smaksrike sjørettar med eit skuldertrekk. Forsvarar greitt prisen på 335,- Ta med på blindsmaking, og vinklubben din vil hata deg resten av livet.

Mike Lindup – Changes

Når Level 42 blir nemnt tenkjer dei fleste på klaskebassen til Mark King, men bandet hadde ikkje hatt det same særpreget utan falsettvokalen og tangentarrangementa til Mike Lindup. Det er neppe kontroversielt å sei at Mark King er den nest beste vokalisten i bandet. Til liks med King hadde Mike Lindup nok musikk i seg til prosjekt utanfor Level 42, og i 1990 kom Changes. Her fekk han med seg Pino Palladino (Paul Young, D’Angelo. The Who), Dominic Miller (Sting) og Manu Katche (Peter Gabriel) i det som er ei perle av eit gløymd pop-album.

I 2020 var det meininga at ei gjenutgjeving skulle markera 30 år sidan plata kom. Covid lagde krøll, men lett forseinka er oransje vinyl i hus. Den overordna opplevinga av musikken 31 år etter er at det framleis lét friskt og med overskot – meir som eit band og mindre som studio-musikarar. Tanke to er at han kanskje prøver litt hardt å visa at han er meir enn rolla i Level 42: Her kjem latinjazzpop som kunne vore spelt av George Duke, her kjem barbershop der han syng alle stemmene frå falsett til bass, her kjem catchy popsongar med i overkant smarte vendingar.

Heile vegen er det likevel solid handverk med nikk til Stevie Wonder, Earth, Wind & Fire, Nik Kershaw, låtar som godt kunne vore med på ei (god) Level 42-plate, og diskrete glimt av kor flink han verkeleg er bak eit keyboard. Sprikande sjangermessig, men utan eit einaste svakt spor.

Kjelder:
Diverse Wikipedia
https://www.winespectator.com/articles/new-zealand-winery-directors-accused-of-fraud

Leave a Reply