CH MALESCASSE 2003
CH MALESCASSE 2003
Etter ein periode med hipstervin, astronomiske kalendrar, nedgravne kuhorn, biokrystallisasjonsmetode, månefasar, pét-nat og what-not kjennes det riktig med noko klassisk Bordeaux…
CH MALESCASSE 2003
Etter ein periode med hipstervin, astronomiske kalendrar, nedgravne kuhorn, biokrystallisasjonsmetode, månefasar, pét-nat og what-not kjennes det riktig med noko klassisk Bordeaux…
-You’ve got to ask yourself one question: «Do I feel Lucci?’….Well? Do ya, punk? Frå chef i Ritz Carlton-konsernet til sommelier til læretid som vin-nomade i halve verda til han endeleg endte opp i Adelaide Hills med eigen produksjon i 2002… Sjølv i naturvinkrinsar blir Anton von Klopper sett på som eksentrisk – her er det full biodynamisk pakke – nedgravde kuhorn med gjødsel frå … Les meir Dom. Lucci Vino Rosso 2015
EGGE GÅRD ONE (2015) Bønder spelar kanskje ikkje tennis, men sjampanje lagar dei, sjølv om det ikkje er lov å kalla det for slikt. I Buskerud, nærare bestemt på Egge har garden – mest kjend for jordbær, epler og eplesider – stadig utvida sortimentet med diverse brennevin og kritikarrost dessertsider. Og frå 2016 musserande vin laga med sjampanjemetoden. I 2010 bestemte 12. generasjon Egge seg … Les meir EGGE GÅRD ONE (2015)
Igjen skal de bo i hans skygge, de skal dyrke korn og blomstre som vinstokken. Hans navn skal bli som vinen fra Libanon. (Hosea 14.8) 2013 var eit år som Musar sjølv oppsummerte med eitt ord: Elegant. På tusen meter har dei snø også i Libanon, og både vår og sommar var kjølegare enn vanleg, medan ei plutseleg varmebølgje i august sat fortgang i modning … Les meir Ch. Musar Aana 2013
PETER LAUER AYLER RIESLING FASS 25 2015 Got a secret Can you keep it? Swear this one you’ll save Better lock it in your pocket Taking this one to the grave Når a-menneska hadde vore på rieslingslepp på Valkendorf og plukka med seg Keller, Mosbacher og dei andre produsentane pressa skriv om, har det vore heilt greitt å entra lokalet litt seinare på dagen og … Les meir PETER LAUER AYLER RIESLING FASS 25 2015
BÉNARD-PITOIS BRUT RÉSERVE I 1878 starta Bénard-Pitoisfamilien sjampanjeproduksjon. Som tredjegenerasjon har Michelle og Laurent drive garden sidan 1991, ikkje minst med å få godkjent parsellane som økologiske, ein prosess som framleis pågår. Tiltalande duft av raude eple, ein solfylt dag i skjergarden (minus diesel), og nybakt brød. Med tid litt honning og tørka frukt. Fyldig munnkjensle samstundes som syra reiser på førsteklasse. Som å bita … Les meir BÉNARD-PITOIS BRUT RÉSERVE
I am 34 years old and I have decided to make wine for love Alessandro, du legg lista høgt. Du styrter inn i vinverda med mykje sjølvtillit når du døyper vinen din «Untitled», eit kunstverk så unikt at namn ikkje er naudsynt… Antroposofvin, familiegard, biodynamisk drift, manuell hausting, villgjær, spontanfermentert, naturleg stabilisering, økologiske druer, ansatte som klapper små pelsdyr på hovudet med eit venleg ord, … Les meir VILLA JOB UNTITLED
Åtvaring: På ein sluddfylt dag hjelper rosa posør-bobler frå Roanne berre litt på sumarlengselen… Knapt halvannan time frå meir berømte Beaujolais lagar dei også vin av gamay, men får på langt nær same merksemd. Côte Roannaise i Loire fekk AOC så seint som i 1994. Eit område på veg opp, sjølv om 90 prosent av produksjonen går til heimemarknaden. Vinen vi skal sjå på er … Les meir Serol Turbullent NV
Ch Musar 2004 Igjen skal de bo i hans skygge, de skal dyrke korn og blomstre som vinstokken. Hans navn skal bli som vinen fra Libanon. (Hosea 14.8) Cabernet Sauvignon 34%, Carignan 33%, Cinsault 33% Raudt epleskrell, lakris, Petterøes 3, skinnjakke, mahogni, tørka frukt, kompleks, Musar-aktig snute. Smakar modne plommer og julekrydder og te, litt veikt midtparti, saknar konsentrasjon; lang og syrleg avslutning med mykje … Les meir Ch Musar 2004
Kjære Dr. Nattverden. Hva er dette pet nat som de skjeggete, engirssykkelsyklende vennene mine snakker om? Fint spørsmål. Pet nat (pétillant-naturel) er ein musserande (eller kanskje meir presist perlande) vin. Måten vinane blir laga på blir også kalla for méthode ancestral , rurale eller artisanale, og er den desidert eldste metoden for å få bobler i vinen ein kjenner til – eldste dokumenterte produksjon er … Les meir Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015
VIN: Valcerasa Etna Bianco 2013 Frank Zappa sitt sicilianske opphav gjer at denne Vin & vinyl-kombinasjonen ikkje er tilfeldig. 850 meter oppe i nordsida av Etna har Rosario og Alice Bonaccorsi 8 hektar med vinmark. Derifrå er Etna Bianco 2013 tilgjengeleg på Vinmonopolet. Økologisk, spontanfermentert, 45-65 år gamle drueplanter, handplukka druer, 100% carricante. Frå nyopna flaske, eplesider, fersken, litt krydder. Rett på karaffel. Med tid … Les meir Valcerasa Etna Bianco 2013
Antipodane gjer ting annleis. Eg mistenkjer at der franskmenn og italienarar er bundne av tradisjonar og forventning, kan ein i Australia staka ut eigne vegar på ein annan måte. Som til dømes å laga vinar der ein blandar raude og kvite druer.
«For me, winemaking is simple,” explains Patrick, “you put the grapes into a fermenter, check to see if they smell OK, and if they do, then they’re probably fine… it’s all sensory.» (thewineidealist.com)
Casa Rojo The Orange Republic Godello Valdeorras 2015
Casa Rojo har skaffa seg drueland sju stader i heile Spania – intensjonen er å visa fram det autentiske distriktpreget frå jord og drue, og å distansera seg frå det industrielle ryktet spansk vin dessverre har fått enkelte stader.
Les meir «Casa Rojo The Orange Republic Godello Valdeorras 2015»
Vin: Roddolo Barbera d’Alba Superiore 2008 (spesialpol) Mytene om Flavio Roddolo er i ferd med å overskrida mannen til eit punkt der eg er i ferd med å sjå på han som vinverdas svar på Stephin Merritt. Å i det heile få tak i vinane hans skal vera vanskeleg sidan han ikkje har mobiltelefon eller epost, men kun fasttelefon, og stort sett er ute i … Les meir Roddolo Barbera d’Alba Superiore 2008
J Sunier Beaujolais Morgon 2015
Forutan å vera umogleg både å stava og å uttale, har Beaujolais slitt med eit dårleg rykte som produsent av saftprega og syntetisk smakande vin. Med ein ny generasjon produsentar er dette heldigvis snudd.