Miris Blend

Vi kan ropa mot skyene så mykje vi vil, men vintrendane er nådelause – neste generasjon vil ha vinen sin lettare og lysare – og kanskje også utan alkohol. Enn så lenge har det vore ei etablert sanning at alkoholfri vin har vore stusselege greier, uansett om helse, livsstil, eller frykt for dagen derpå har vore motivasjonen. Små dytt har dei siste åra kome frå mellom anna København og Austlandet – der utgangspunktet har vore te, Leitz har lansert sine avalkoholiserte vinar, medan dei fleste siderprodusentane har eplemost i porteføljen. Frå Trøndelag kjem ein ny spelar i Miris Blend, som ikkje berre lagar avalkoholisert vin, men som prisar det som det skulle vera The Real Thing. Kan dei yppa seg i selskapet?

Les meir «Miris Blend»

Bogdan Riesling Italico 2015

Riesling Italico, Welschriesling, Laški Rizling, Olasz Riesling, eller Ryzlink om du vil… Ei kvit vindrue som ikkje har noko med det vi kjenner som riesling å gjere. Ei utskjelt drue som kommunist-jugoslavia pøste ut på marknaden i nær udrikkelege industrielle vinar. Ikkje rart at tyskarane vart sure – enkelte hevdar at namnelikskapen har vore medskuldig i det dårlege ryktet «vanleg» riesling i periodar har hatt. Welschriesling – … Les meir Bogdan Riesling Italico 2015