Meinklang Naken Grüner Veltliner 2016

Innimellom 800 angus-kyr har biodynamisk duo Angela og Werner Michlits ansvaret for vin på Meinklang-garden. I tillegg til vin vert det også dyrka korn, frukt og grønnsaker – og det blir laga kjøttprodukt frå svin og storfe. Gjødsel frå angusane fullfører den biodynamiske sirkelen. Antroposofane hjå Meinklang i Burgenland byrjar å få ein omfattande portefølje – frå alkoholfritt til boksvin – og no er den jamen … Les meir Meinklang Naken Grüner Veltliner 2016

Leusciatti Bruno Del Negus Valtellina Superiore Sassella 2012

Då Leusciatti debuterte på polet for nokre år sidan var forventningane høge. Ryktet gjekk om den nye Flavio Roddolo og 2010-årgangen vart fort seld ut. Sjølv var eg litt skuffa etter første flaske, men etter kvart forsto eg at vinen trengte meir luft enn ein tubaist på 17. mai, og fann glede i å følgja ein vin som undervegs var ‘all-over-the-place’ før han slo seg … Les meir Leusciatti Bruno Del Negus Valtellina Superiore Sassella 2012

Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

I ei nær loddrett vinmark i Mosel har Olav Schneider litt riesling – faktisk så lite at det blir produsert under 1000 flasker av denne vinen. Likevel har han haldt prisen nede – kosta 215,- ved innkjøp. Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015   Svært lys farge. Flint, våt stein og badeball på snuten frå nyopna flaske. Opnar seg fort med litt karaffeltid. Honning, granny … Les meir Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

F. Boschis Freisa Bosco delle Cicale 2015

Langhe i Piemonte er kjent for ost og trøffel. Og vin. Så kjent at kulturlandskapet er ein del av verdsarva på UNESCO si liste. I skuggen av meir berømte nebbiolo lever freisa eit anonymt og utsatt liv og er på tilbakegang i området. Hjå Azienda Agricola Boschis Francesco starta historia med bestefar Telesforo i 1919 – i dag driv barneborna  garden vidare – med hovudvekt … Les meir F. Boschis Freisa Bosco delle Cicale 2015

Darnaud Crozes-Hermitage Les Trois Chênes 2010

Emmanuel Darnaud Crozes-Hermitage Les Trois Chênes 2010 Krekling og tyttebær frå nyopna flaske. Med litt luftetid kjem skinnjakke og rips. Med enno meir tid kjem blåbær og (i overkant) mykje nymalt, svart pepar. Litt parfymerte blomstertoner, litt tørka krydder, litt lakris. Delikat duft, men for meg mister vinen litt sniffefaktor undervegs. Bjørnebær, kjøtaktig preg, modne blåplommer, blåbær, kaffi, litt «tungt» midtparti, anstendig lengde med rips … Les meir Darnaud Crozes-Hermitage Les Trois Chênes 2010

Ch Simard 1996

Ch Simard 1996 Innimellom dukkar det opp «ferdiglagra» vin til freistande pris – no kan ein altså prøva over 20 år gamal vin til 250,- Tilgjengeleg i nettbutikken og på over 70 pol rundtom i landet frå Kristiansand til Kirkenes. Kraftig duft av blyantspiss og tomatstilk følgjer ut av flaska saman med korken. Etter litt tid i glaset kjem skinnjakke, bakt paprika, mjølkesjokolade, raudt epleskrell … Les meir Ch Simard 1996

Manincor Kalterersee Keil 2014

Manincor-familien har med handa på hjartet drive familiegarden i Kaltern i det som med tid og stunder vart norditalia, heilt sidan dei fekk jordlappen i gåve frå den austerrikske keisaren i 1608. Undervegs gifta Enzenbergarane seg til gards, og i dag er det Grev Michael Goëss-Enzenberg som styrer skuta. Då han overtok i 1991 var druene etterspurd salsvare til kooperativa i nordtyrol, men Manicor produserte … Les meir Manincor Kalterersee Keil 2014

Sate Babi – alternativ juleribbe

På jakt etter autentiske matopplevingar, er det lite som slår å handla satay hjå hyggjelege damer langs vegkantane på Bali. Eit måltid som gjerne inneber at du lukter grillrøyk, blir nesten påkøyrd, og blir mett på gode smaker for under 10 kroner. Svinesatay – Sate babi – er himmelsk og verd ein eigen oppskrift no når ribbetida er over oss. Her kjem gris med vedunderleg … Les meir Sate Babi – alternativ juleribbe

FURLEIGH ESTATE DORSET IDYLL BRUT

  Brexit er ikkje noko nytt. For rundtom 450 000 år sidan var England landfast med Frankrike, før erosjon svekka forbindelsen og ein gigantisk flaum til slutt separerte dei to landa. Britiske bobler ypper seg kraftig mot storebror i sør – klimaendringar er i ferd med å leggje til rette for perfekte temperaturer i sørengland, geologien har mykje til felles med Champagne, erfaring og sjølvtillit stig, … Les meir FURLEIGH ESTATE DORSET IDYLL BRUT

Ormarine Picpoul de Pinet 2016

Ormarine Picpoul de Pinet 2016 Ny dag, ny drue… Picpoul er ei av dei gamle druene i Languedoc og har eit høgt syreinnhald – piquepoul betyr leppesvie – så sitronpreg er forventa… Pære og stein – blindt hadde eg antakeleg blitt cocky og gått til nordportugal og sagt alvarinho – kvite blomster og sitrus med litt tid i glaset. Fyldig anslag, floral, litt lubbent midtparti … Les meir Ormarine Picpoul de Pinet 2016

Castell’in Villa Chianti Classico 2012

Castell’in Villa Chianti Classico 2012 Ein gamal kjenning som har synt seg å levera super kvalitet til gunstig pris kvart einaste år. Garden er driven av ei ordentleg prinsesse som overtok i 1968, i tillegg dyrkar dei oliven og knerter villsvin i skogen sin. Handplukka druer frå 40 år gamle økologiske vinplanter, spontanfermentert, tre veker på skalet, ufiltrert. Veldig umiddelbar frå nyopna flaske. Kirsebær, raudt … Les meir Castell’in Villa Chianti Classico 2012

Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015 Eksentrisk antipode-vin med uvanleg drueblanding frå ein uvanleg vinbonde som heller ville studera botanikk enn tradisjonell vinmaking. Målet er minst mogleg innblanding i prosessane fram til det ferdige produktet. Han brukar heile drueklasar, vinen har spontanfermentert, er ufiltrert og det er gjort minimalt med svovling. «For me, winemaking is simple,» explains Patrick, «you put the grapes into a … Les meir Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

San Polino Rosso di Montalcino 2011

«No grape brings more joy or more pain» (Carlo Ferrini) Sangiovese –  Jupiters blod, og arbeidshesten i Italia si mangfaldige drueverd, brukt i alt frå enkle bordvinar til supertoscanarar til søt passito. Det er ei drue du antakeleg har smakt – enten i chiantien du tok med på ex. Phil-fest i studiedagane for å visa din gode vinsmak (sjølv om du uttalte han feil), eller … Les meir San Polino Rosso di Montalcino 2011

Negro Perdaudin Roero Arneis 2015

    Tradisjonelt har arneis hatt ei beskjeden rolle i Piemonte der drua vart planta i nokre få rader ved sida av nebbiolo og brukt til å runda av barolovin. I tillegg er arneis sårbar for mjøldogg, oksiderer lett, og har lav avkastning. Etter kvart som behovet vart mindre sto den vesle rakkaren i fare for å bli utrydda, men entusiastar i Piemonte (og nokre … Les meir Negro Perdaudin Roero Arneis 2015