Granskuddsirup
Mai er tida for nye granskudd og det er framleis god tid til å plukka med seg ein pose. I britiske oppskriftar blir ein bedt om å avgrensa plukkinga til det absolutt naudsynte – i Noreg er dette neppe noko problem.
Mai er tida for nye granskudd og det er framleis god tid til å plukka med seg ein pose. I britiske oppskriftar blir ein bedt om å avgrensa plukkinga til det absolutt naudsynte – i Noreg er dette neppe noko problem.
VIN:
Gauby Vieilles Vignes Rouge 2011
Gérard Gauby køyrer eit biodynamisk regime med spontangjæring og minst mogleg påverknad etter at druene er hausta; vinen skal smaka av staden han vart dyrka – ryktet seier at dersom det blir funne nytteinsekt i live i innhaustinga, så blir dei frakta ut igjen omtrent til staden dei vart funne…
VIN:
Leitz Rüdesheimer Berg Rottland Riesling 2010
Intens ananas på snute frå nyopna flaske. Etter ein time på karaffel: Moden frukt, blomster, lett tropisk preg, litt lime, ørlite flint/røyk, duft som trigger spyttkjertlene..
VIN:
2012 Georg Mosbacher Forster Pechstein Riesling Großes Gewächs
Syrefreaks, unite!
Epler, sitrus og stein på snute, litt innestengt rett frå nyopna flaske, men det skal ikkje mykje luft til for å få fram fine og reine duftar.
Les meir «2012 Georg Mosbacher Forster Pechstein Riesling GG»
VIN:
Cornelissen Contadino 2013
Gjentatte flaskefeil har etablert eit anstrengt og misantropisk tilhøve overfor belgiske vinmakarar på Sicilia – gleda er desto større når ei perfekt flaske viser kva Frank Cornelissen er god for.
Vin:
Vino di Anna Rosso 2011
Verdsvin frå Sicilia. Fruen er ønologistudent frå Australia, ektemaken er franskmann med jobb-base i London og står bak vinbaren Terroirs. Saman har dei laga vin på nordsida av Etna sidan 2010. Vinen er økologisk med villgjær, ufiltrert, utan tilsetningsstoff. I henhold til Ove Svendsens reglar for «Hvordan gjenkjenne en naturvinprodusent», tar eg det for gitt at borna deira har designa etiketten.