Wachau weissgipfler

Sa du verkeleg weissgipfler? Kva med falkensteiner eller dreimänner? Neidå, kjært barn har mange namn, og dette er ein artikkel om grüner veltliner, Austerrike si viktigaste drue, planta på 14 296 hektar, som er eit par fotballbaner unna å vere ein tredjedel av totalt vinmarksareal i landet. Og i Wachau står ho for 64%, mot riesling på 18% og zweigelt på 4,3%. Wachau på si … Les meir Wachau weissgipfler

Side om side: Knoll Smaragd Riesling 2023

Ved å smake vin frå fleire vinmarker frå eit lite geografisk område, kan ein etter kvart byrje å danne seg eit bilete av noko av det som er særskild med desse terroira og området. Og for å gjere denne øvinga så systematisk som mogleg, er det interessant å utelukke flest mogleg variablar. Eg hadde eit par vinar liggjande som eg var nyfiken på, og så … Les meir Side om side: Knoll Smaragd Riesling 2023