Doing Your Mumm

Med tradisjonar attende til 1827, 15 år i partnerskap med Formel 1, og raudt band som hommage til Æreslegionen på både flaske og i namnet, så skulle jo alt leggja til rette for ein omtykt og distingvert veteran i vinverda. I staden overhøyrer eg vinen forakteleg omtalt i same andedrag som Blue Nun. Det har neppe hjelpt særpreget å produsera 8 millionar flasker årleg, ei heller å vera eigd av Pernod Ricard – alkoholverdas svar på Unilever. Kan det verkeleg stå så ille til?   

Les meir «Doing Your Mumm»

Charles Heidsieck Special Edition for OMA Vintage Brut 1996

Dette har skjedd: Daniel har drive med drueeksperiment i kjellaren til Charlie. Ole Martin har fått nyss i dette og får overta flaskene rimeleg frå Stephen. Når han skal selje dei vidare kollapsar nettbutikken til Hilde Britt, sidan det vinkjøpande Noreg går av skaftet. Stadig like forvirra? Ikkje etter denne episoden av Vin & vinyl… I Reims produserer Charles Heidsieck-huset rundtom 2 millionar flasker i … Les meir Charles Heidsieck Special Edition for OMA Vintage Brut 1996