Jauma Hitzky Pet Nat 2016
«A natural wine is a wine you produce without a fixed goal at the end»
Les meir «Jauma Hitzky Pet Nat 2016»
«A natural wine is a wine you produce without a fixed goal at the end»
Les meir «Jauma Hitzky Pet Nat 2016»
Tyngdepunkt flyttar seg. Ein gong i tida var det Tenerife og Somló som lagde verdas beste vin, og vinane frå Rivesaltes sto på alle bord i Frankrike. Naturkatastrofar – det være seg vulkanutbrot eller bladlus, brutal realpolitikk eller moteluner har gått ut over både distrikt og druer gjennom historia.
Les meir «Braida La Regina Langhe Nascetta 2017»
Vanlegvis handlar desse introane om ein eller annan tippoldefar som med druer og dynamitt la grunnlaget for bruket. François Villard har ikkje ei slik ættetavle – han har restaurantbakgrunn og er sjølvlært vinmann. Første stokkane vart planta i 1991 – etter kvart har jordsjuke og eksperimentlyst balla på seg og han produserer årleg over 200 000 flasker i 25 ulike cuveear.
Les meir «François Villard Jouvet Cornas 2013»
Eit steinkast sør for Roma ligg Frascati – antakeleg vinregionen med dårlegast rykte i Italia – berykta for kommersiell og billig vin retta mot budsjett-turistane i hovudstaden. Sidan 2014 har familien Presutti prøvd å gjera noko med dette. Dei fekk i starten leigd seg ein ‘ubesudla’ parsell og har etter kvart fått kjøpt nok land til å laga vin med eigne druer. På 350 meter … Les meir Cantina Ribelà Ribolie 2017
Champagne er under press frå mange kantar. England har meldt seg på i boblekonkurransen, Cremantar får stadig høgare kvalitet, og sjølv Tasmania vil vera med. Antakeleg er det eg som ikkje følgjer med, men tilsynelatande brått var det mykje musserande frå Tyskland å velje i – både frå kjende og ukjende produsentar.
Les meir «Blood Sugar Sekt Magik»
Nordvest i Portugal har Bairrada sin eigen DOC og er nok mest kjend for raude vinar. Her har kjøleg luft inn frå Atlanterhavet all makt – enkelte år er det til og med for kjøleg til at druene modnar ordentleg. Til gjengjeld får gode år lang modningstid og balansert syrenivå. Veteranen Luis Pato kjører sitt eige løp med lokale druer – om enn raude Baga … Les meir Luke 23: Årets ferdiglagra vin
Hei 2023-Jan Tore. Når du les dette lever du antakeleg godt på Blackberry-investeringane dine, og er fulltids opptatt med å vera påverkar på Google Plus. Vil berre minna deg på at det er på tide å henta fram vinen du gøymde (og antakeleg gløymde) innerst i kjellaren i 2018.
Les meir «Luke 19: Årets lagringsprosjekt.»
Guffens aux Tourettes Syrah d’Endes 2016
I 1976 skulle flamlendingane Maine og Jean-Marie Guffens-Heynen vera i Burgund eit år for å læra fransk. Dei er der framleis. Etter litt vinstudier og vingardsarbeid starta dei så smått for seg sjølv med det som i dag er Domaine Guffens-Heynen.
I 1990 utvida dei med Maison Verget som henter druer frå Mâconnais, Chablis og Côte d’Or, men Jean-Marie var framleis jordsjuk. I 1997 kjøpte dei Château des Tourettes, som ligg nokre få kilometer frå Apt, og starta med det eigen produksjon i Rhône, og dermed vinen vi skal smaka i kveld.
Les meir «Your latest tic»
Bertani-brørne starta eigen produksjon i 1857 og er rekna som pionerar for moderne vingards- og forretningsdrift i Verona – rett aust for Gardasjøen, området som gjev oss Amarone, Valpolicella og Soave.
2018 var året eg verkeleg tok turen på sidevegane til Bestillingsutvalet, og det er ikkje fritt for at eg innimellom angra på heile greia – det er ikkje utan grunn til at vi snakkar om «klasisske områder», og eg antar meksikansk chardonnay aldri blir ein del av dét omgrepet… Ta utgangspunkt i Mumbai og peik nasa mot nordaust. Fire timars biltur plasserer deg i India … Les meir Luke 8: Årets «Jøss!»
Det er eigentleg ganske enkelt å laga sin eigen currypasta – omkostninga kjem i form av at ingenting du kjøper på glas er godt nok etter dette.
Svinesatay – Sate babi – er himmelsk og verd ein eigen oppskrift no når ribbetida er over oss. Her kjem gris med vedunderleg smak av «julekrydder,» sødme og chilistyrke. Du treng: 500g kjøt frå svineribbe (skjer i 2×2 cm stykker med fett på) Krydderpasta: 1 ss korianderfrø 2 nellikspiker 1 kardemommebelg 6 svarte pepperkorn Rist på middels varme i tørr steikepanne til det lukter godt … Les meir Luke 1: Årets Alternative Juleribbe
Grunnlagt i 1711 og mildt sagt ein veteran når det gjeld dyrking av riesling rundtomkring Forst og Deidesheim. Det er liksom ikkje mangel på legendariske vinmarker i Pfalz – Pechstein og Ungeheuer kjenner vi frå Mosbacher, Jesuitengarten frå tidlegare møter med Acham-Magin.
Skuffande nok har vinmarka Mäushöhle ingenting med Tom & Jerry å gjere, men kjem frå familienamnet ‘Maus’ saman med eit leksem av det tyske ordet for skråning. Familiegard heile vegen, økologisk sidan 2010, biodynamisk sidan 2012…
Etter mange år som ein del av Cogno-Marcarini, gjekk Elvio Cogno solo då han var nær 60 år, og produserte sin første vin under eige namn i 1991. I dag har neste generasjon overtatt med høgt medvit om å vera tru mot tradisjonane. Ikkje overraskande er det Barolo som har mest fokus, men garden har også meir eksotiske ting, som meir enn hundre år gamal pre-phylloxera barbera og obskure nascetta. Og dolcetto…
Antroposofiske grumsebobler frå ein nordmann i Oregon. I Willamettedalen har Johan Vineyard 34 hektar druemark, i hovudsak pinot noir, men også chardonnay og pinot gris. Vestavinden kjem med kjøleg bris frå Stillehavet, noko som er med på å halda temperaturen nede. Biodynamisk gardsbruk, demeter-sertifisert sidan 2010.
Les meir «Johan Vineyard Petillant Naturel Pinot Noir 2017 «