Mosbacher Riesling Sekt Brut 2014

Norsk vinpresse sin kjæledegge i Pfalz, Mosbacher, har dei siste åra levert godt prisa kvalitet både til spesialsleppa, bestillingsutvalet og basis hjå Vinmonopolet. Og no er det sanneleg snikt seg ein musserande inn i BU også.   Kraftige bobler. Fruktig, sitron, druer, Granny Smith, stikkelsbær, litt flint, ureint gjærpreg rusker litt, men forsvinn etter nokre minutt lufting. Med tid i glaset kjem det fine toner … Les meir Mosbacher Riesling Sekt Brut 2014

Tsarine Premium Brut N.V.

Tsarine Premium Brut N.V. Budsjettsjampanje med utspring i Maison Chanoine, nest eldst i Champagne – grunnlagd i 1730 – og eit hus som gjorde seg feit på tsar-russland si besettelse for franske bobler. Flaska er designa som ei hylling til russisk arkitektur og kjem i ein glorete tinnboks, noko som – ikkje uventa – trigger eigne fordomar mot dillete vedheng… «The Pinot Noir grape provides the … Les meir Tsarine Premium Brut N.V.

MOTÖRHEAD SHIRAZ 2015

MOTÖRHEAD SHIRAZ 2015 Opner med eit svidd gummipreg som heldigvis forsvinn fort, etter kvart grei plommeduft, litt petterøes 3 og svart pepar i bakgrunnen. Puslete anslag, midtparti med blåplommer, antydning til søt frukt og mjølkesjokolade, kort avslutning. Ikkje dårleg vin, berre enkel og kjedeleg. Kjem i fin øskje og er nok ei super gåve til ein fan, men til nesten 200,- er dette meir ruter … Les meir MOTÖRHEAD SHIRAZ 2015

VILLA JOB SERIOUS NO SULFITES 2015

VILLA JOB SERIOUS NO SULFITES 2015 The Screaming Eagle Of Soul forlot oss i helga, og fortener ein funky skål med refosco frå Alessandro Job. Antroposofvin, familiegard, biodynamisk drift, manuell hausting, villgjær, spontanfermentert, naturleg stabilisering, ansatte som klapper små pelsdyr på hovudet med eit venleg ord, økologiske druer, the works… «A bottle of wine can and must contain culture.» Litt sursøtt naturvinpreg frå nyopna flaske. … Les meir VILLA JOB SERIOUS NO SULFITES 2015

Gemtree Bloodstone Shiraz 2016

 

Gemtree Bloodstone Shiraz 2016

Antipodane leikar ikkje berekraft. På deler av eigedomen i McLaren Vale (Vi er nokre mil sør for Adelaide i søraustralia, der klimaet er ganske middelhavsk) bestemte dei seg for å tilbakeføra kulturlandskapet til eit meir opprinneleg våtmarksområde – saman med Greening Australia har Gemtree planta ut over 50 000 opprinnelege vekster noko som har skapt ein tilfluktsstad for amfibier og fugl. Sjølv meiner dei at auka biodiversitet, mindre erosjon og auke av pollinatorar gjer at dei lagar betre vin. I vinmarkane går det sauer som knasker ugras, slik at dei visstnok slepp å sprøyte…

Les meir «Gemtree Bloodstone Shiraz 2016»

SUERTES DEL MARQUÉS LA SOLANA 2015

Visst kan los tinerfeños vin. På Tenerife har dei laga vin i hundrevis av år, vin som er hylla av både Shakespeare og Walter Scott, ikkje minst malvasia canary som på 1600-talet vart rekna som i verdsklasse før fleire vulkanutbrot øydela heile greia utover 1700-talet. På nordskråningen av Teide har Suertes del Marqués varme dagar, men blir heldigvis kompensert av kjøleg vind frå Atlanterhavet.

Les meir «SUERTES DEL MARQUÉS LA SOLANA 2015»

WEINGUT O. BIKINIBLICK RIESLING 2015

 

WEINGUT O. BIKINIBLICK RIESLING 2015

Ein prisgunstig gjengangar på rieslingslepp – det ligg ein del flasker igjen frå tidlegare årgangar på spesialpola. Ungsberg er ein topp og ei nær loddrett vinmark i utkanten av Traben-Trarbach i Mosel med utsikt til ein populær badestad. Med atterhald om avgrensa tyskkunnskap ser det ut til at elektrikaren Olaf Schneider fekk 0.2 hektar eigedom gratis i 2005, noko som etter kvart sakte har blitt utvida, men framleis er ein liten vingard.

Les meir «WEINGUT O. BIKINIBLICK RIESLING 2015»

Château La Tour Carnet 2008

Om nokon ‘fortener’ å bli omtalt som vinmagnat så må det vera Bernard Magrez. I tillegg til Ch La Tour Carnet eig han tre andre grand cru-marker i Bordeaux, fleire eigedomar i andre vinregioner i Frankrike pluss andre stader i Europa, Sør-Amerika og USA. Decanter har han på Topp 30-lista over dei mektigaste vinfolka i verda. Château La Tour Carnet har kjend historikk tilbake til 1100-talet og er mellom dei eldste gardane i Médoc-regionen. Dei første druene vart planta her i 1407.

Les meir «Château La Tour Carnet 2008»

Tour de France 2017–19. etappe–Leoube is in the air

P1050255

Trass vakre landskap med bølgjande lavendel har Provence hatt sin del dramatikk under Touren – dødsfall (Tom Simpson i 1967), kollaps (samanlagtvinnar i 1970 Eddy Merckx besvimte og måtte ha oksygen etter etappen), medan fjorårsruta opp berykta Mont Ventoux måtte kortast inn grunna sterk vind på toppen, og er også hugsa for Chris Froome sin kollisjon med ein motorsykkel, der Froome jogga oppover bakkane nokre hundre meter til han fekk tak i ny sykkel.

Les meir «Tour de France 2017–19. etappe–Leoube is in the air»

Solar de Serrade Alvarinho Vinho Verde 2016

P1050137

For elleve år sidan – før eg visste eg var vininteressert – endte eg tre netter hjå Solar de Serrade i nordportugal. Eg var relativt indifferent til det som skjedde rundt meg sjølv om det var midt i druehausten, og var meir opptatt av å leika med den halvblinde gardshunden enn å vurdera korleis ulik bruk av gjær prega vin, noko som vingarden har utforska grundig. Om ikkje anna var det her eg la frå meg vørdnaden for vinprodusentar og innsåg at dei berre er gardbrukarar som får kjeft hjå tantene når dei går innomhus med støvlar.

Les meir «Solar de Serrade Alvarinho Vinho Verde 2016»

Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015

Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015 Eg trudde intuitivt at amerikansk pet-nat hadde med neste steg i mikrobryggerikulturen i Sambandsstatane å gjera, men så finn eg dette: “I believe the Catawba will make a superior Champaigne wine.” Året er 1847, sitatet er frå Nicholas Longworth – pioner i amerikansk vinproduksjon – og omhandlar musserande vin frå Ohio(!) laga av catawbadrua(!). Av dette sluttar eg at … Les meir Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015

Mád Tokaji Furmint 2015

Få stader er så forbunde med ein type vin som Tokaji, aust i Ungarn. For István Szepsy er det likevel ikkje nok å laga magisk dessertvin av druene. I Mád vil han også syna kva den regionale druesorten furmint kan by på i tørr variant utan edelråte. Furmint har overlevd trass dårleg behandling under kommunistungarn. Aukande etterspurnad for tørr vin kombinert med ambisiøse produsentar kan … Les meir Mád Tokaji Furmint 2015