A.D. Coutelas Origin` Brut

A.D. Coutelas vart tilgjengeleg i Noreg så seint som i fjor haust og har raskt etablert seg som eit hus med svært høg kvalitet for pengane. Noverande Coutelaser – Angélique & Damien – er åttende generasjon på bruket og gjer ting på eigen måte. Vinmarkane er i ferd med å bli økologisk sertifiserte og dei er fast bestemt på å gje vinane eit særpreg som skil dei frå naboane sin produksjon.

Les meir «A.D. Coutelas Origin` Brut»

De Bortoli Murphy’s Vineyard Hunter Valley Semillon 2006

Sett utifrå skulle Sémillon berre vore ein parentes i vindrueverda. Ei drue som veks som ugras, ikkje har det heilt store særpreget men dog er sjukdomsresistent er nok populært hjå produsentar som transporterar vin på tankbilar, men blir fort ei drue kjent for kvantitet, ikkje kvalitet.

Les meir «De Bortoli Murphy’s Vineyard Hunter Valley Semillon 2006»

Nagy-Somlói Juhfark 2013

VIN: Nagy-Somlói Juhfark 2013 I vinverda er det ein del druer eg likar å rulle over tunga – ikkje berre i flytande tilstand, men som fonetikk. Sauvignon blanc, til dømes. Eller pinot noir. Det er noko med lydane som gjev meg stor glede. Med juhfark strevar eg litt meir – namnet betyr attpåtil sauehale, antakeleg frå formen på drueklasene. Heldigvis har det ferdige produktet sin … Les meir Nagy-Somlói Juhfark 2013

Fio Rätzelhaft Mosel 2014

 

VIN:

Fio Rätzelhaft Mosel 2014

Fio er eit samarbeidsprosjekt mellom Dirk Niepoort – jepp, han frå portvinsfamilien – og den nye punken i Mosel, her representert ved Philipp Kettern, som mellom anna er involvert i Monkey Syndicate og The Dead Monkey frå Gipsy Wines. Druene blir manuelt hausta tidleg i bratte skråningar rundt Piesport i Mosel. Filosofien er minst mogleg innblanding i kjellaren, men utan å bry seg om sertifisering.

Les meir «Fio Rätzelhaft Mosel 2014»

Tripe Advisor – Roma

Pasta, pizza, tripe, tiramisu. I ei verd der sjølv setninga «Det er vanskeleg å skriva om Roma utan å ty til klisjear» er ein klisje, er dette ei krevjande øving. Roma er hektisk, Roma gjer meg glad for alle timane med Asterix, Roma er intenst vedunderleg.

Nattverden gjev deg 7 sjølvopplevde stader med mat og/eller vin, som ikkje tømmer lommeboka di. Med unntak for den siste på lista som tømmer lommeboka di…

Les meir «Tripe Advisor – Roma»

Play that fungi music – Traktkantarell

Der vanleg kantarell formeleg står i skogen og roper, har den anonyme fetteren ein meir diskret, men du verden så elegant framtoning. På vestlandet er det enorme mengder traktkantarell for tida, om du beveger deg på mosekledd skogbotn er sjansen stor for at du trakkar på ein. Godt kamuflert, men lett å sjå når du først har lært å kjenna dei igjen.

Les meir «Play that fungi music – Traktkantarell»

Jo Landron le Fief du Breil 2013

VIN:

Rundt Nantes i Loire, i skuggen av meir kjende Sancerre og Pouilly-Fumé skjer det ting som fortener meir merksemd. Muscadet-vinen (namnet kjem antakeleg frå det parfymerte muskpreget frå druene) er laga kun av melon de Bourgogne – namnet røper at drua opprinneleg er frå Burgund, der ho på 1700-talet vart bestemt fjerna. Drua er kulderesistent og har høg avkasting, men er utsett for mange plantesjukdomar. Ei nøytral drue som tradisjonelt har fått hjelp av lagring på bunnfallet for å få meir kompleks smak – og som no opplever ein ny generasjon med nye produsentar, fokusert på kvalitet og særpreg frå vekststaden.

Les meir «Jo Landron le Fief du Breil 2013»

(Frå arkivet) Michelin på minibudsjett

One Dim Sum
No.15 Playing Field Road, Kowloon
Hong Kong
(Vitja i oktober 2014)

Førestill deg ein restaurant i Michelinguiden  der bordbestillinga består i at du sit deg på ein krakk utanfor restauranten og ei søt jente kjem ut med ein handskriven kølapp til deg, der det er forventa at du har med eigne serviettar, der drikkemenyen er to typar te (og ho som heller i gjerne veltar koppen i fanget på deg), og som lar deg sjølv velta stappmett ut med eit smil etter ein intens time. For under 100 kroner kan ein oppleva dette på One Dim Sum.

Les meir «(Frå arkivet) Michelin på minibudsjett»

Vino Casa Vital Azul Mediterraneo 2015

Vino Casa Vital Azul Mediterraneo 2015

Spylarvæskevitsane sit laust, så la oss få det ut av vegen først: Vinen er laga av chardonnaydrua, er ein kvitvin, men er tilsatt antocyanin – eit naturleg fargepigment henta ut frå blå druer og er tilsatt vinen for skapa ein blåfarge som antakeleg skal gje assosiasjonar til middelhavsk opphav.

«Hos blomster hjelper antocyaniner med å tiltrekke pollinatorer» (wikipedia)

Les meir «Vino Casa Vital Azul Mediterraneo 2015»