Side om side: Knoll Smaragd Riesling 2023

Ved å smake vin frå fleire vinmarker frå eit lite geografisk område, kan ein etter kvart byrje å danne seg eit bilete av noko av det som er særskild med desse terroira og området. Og for å gjere denne øvinga så systematisk som mogleg, er det interessant å utelukke flest mogleg variablar.

Eg hadde eit par vinar liggjande som eg var nyfiken på, og så hadde eg kjøpt med nye glas, Riedel Performance Riesling, diverre litt for høge til at dei passa inn i glashylla mi på kjøkenet.. Det var difor duka for ein duell langs Donau: Weingut Knoll med to Smaragd riesling-vinar, og vinmarkene ligg ikkje mange hundre meter frå kvarandre i Dürnstein og Loiben, Wachau.

Kellerberg litt vest for Loibenberg. Begge er i stor grad terraserte, begge har undergrunn av dels porøs og forvitra gneis, med lag med sandjord over. Det er tørt, god drenering og jorda har lite kalk. I dei nedre delene er det lommer med løss. Kellerberg vender i stor grad mot søraust, medan Loibenberg har mest rett sørvend eksponering. Begge er karaktisert som varme vinmarker i Wachau, berre parsellane heilt øverst i Loibenberg, 393 moh, får noko særleg kjølande effekt frå vind.

Ried Loibenberg. ©Herbst

Her er det altså same vinmakar, same kjellar, same vinmaking, same drue, årgang og i stor grad same klima, geologi og jordsmonn. Berre nokre hundre meter skil desse to vinmarkene, og så er det kanskje litt ulik høgd over havet på parsellane. Det har eg ikkje funne ut. Men å mase på vinbønder under innhaustinga ber ikkje alltid frukter..

Sett i lys av denne artikkelen, og måten Markus Lang lagar vin på, 3-4 km lenger ned i elva, er dette noko heilt anna. Her er vi i meir i den lokale tradisjonen, med innhausting på høgt sukkernivå (13,5% alk.) og gjæring og mogning på nøytral eik i 10-12 månader. Så skal det seiast at Knoll lagar Loibenberg riesling òg i Federspiel-versjon, med 12,5 % alkohol i same årgang.

Weingut Knoll Ried Kellerberg Riesling Smaragd 2023

Lys strågul. Mogen, rik riesling-lukt, men vinen er faktisk òg stram og lineær, og med kvit frukt. Flott syre i ein diger riesling med 13,5 %. Flott balansert munnkjensle der mineral, kvit frukt og syre vibrerer over eit stort bakteppe av fylde og alkohol. Lang leskande avslutning med syrespel og kvit frukt. Naturkork. 699,90 kr. 13,5 % alk. 3,6 g/l rs, 5,8 g/l syre.

Weingut Knoll Ried Loibenberg Riesling Smaragd 2023

Lys strågul+. Noko meir gul i uttrykket enn Kellerberg. Litt meir krydra, litt meir salt og meir interessant enn Kellerberg på fyrste dag. På dag to er kanskje Kellerberg meir balansert og hakket betre. Djup mogen frukt som går mot kvit steinfrukt, grapefrukt, appelsinskal og salt stein. Kjølig og fin riesling med ein del tekstur og litt bitterstoff i ettersmaken som balanserer rikdomen. Ja, litt digert og litt «snilt», men det er då godt å drikke. Naturkork. 699,90 kr. 13,5 % alk. 3,6 g/l rs, 5,8 g/l syre.

Vinane er ganske like. Er dei for like? Er det den rike stilen som gjer at dei ikkje er så lett å skilje? Kanskje var vin frå desse vinmarkene meir ulike for 25 år sidan enn i dag. Det er eit spørsmål som gneg litt: fører eit varmare klima til at dei gode vinmarkene ikkje skil seg ut frå dei nest beste, eller dei tredje beste, i like stor grad som før? Køyr debatt! Det var uansett eit gledeleg møte med stor riesling frå Wachau og frå Weingut Knoll.

Leave a Reply