Ei flaske, HM Lang This is not a Love Song Riesling 2020

Dette er ein vin av høg kvalitet, men det er ikkje sikkert du kjem til å like han. Eg var svært forventningsfull før eg opna denne flaska, men samtidig litt nervøs. Det var sprikande meldingar, og det kunne sjå ut som dette var noko litt eksperimentelle greier. Det er det. Dette er ingen vin å ta med på fyrste date. Ikkje på stevnemøte i det heile. Dette er vin for vidarekomne. Men eg opna og smakte. Så skjedde det noko uforutsett…

Men ein slik vin treng ein del kontekst. Markus og kona Heidelinde driv ein liten vingard i Stein am Donau, og denne vinen kjem frå vinmarka Steiner Schreck, ei bratt terrassert vinmark rett bak byen. Parsellane til Lang ligg mot toppen. Markus hadde ikkje tenkt å lage vin, han hadde ein solid karriere innan luftfartsindustrien. Men så arva han ein parsell, og vart bergteken. I starten var han ikkje så oppteken av å selje vinen, han ville sjå kva som var mogleg å få til frå denne vinmarka, i ein lettare stil med lægre alkohol og friskare syre enn det som er normen for området.

«In Wachau the classification with Steinfeder, Federspiel and Smaragd was made in a time when it was difficult and rare to achive high maturity and high alchohol. This was the expetion. But today it is the other way around. Everyone can make healty wines with lots of fruit, body and alchohol. I was looking for soemthing different.»

Markus fortel at det er tre steg som må fungere på vegen mot denne lettare vinen. Det starta i vinmarka med å ha ein smal og høg oppbinding, der greinene går til over 2,5 meter. Dette er for å skape skugge og ta vare på det vesle vatnet som er i jorda. Det er berre litt over 500 mm nedbør i Kremstal i året, og den porøse jorda held i liten grad på fukt. Dersom det vert for tørt og vinstokkane ikkje får vatn, vert mogninga utsett.

Tida i vinmarka gjorde at han kjende på ubehag ved å sprøyte mot ugras og insekt, og det vart fort omleggjing til biodynamisk drift. Han er oppteken av låg pH, og difor vert både riesling og grüner veltliner hausta mykje tidlegare enn hjå dei fleste andre i grannelaget. Denne vinen har 10,5 % alkohol.

Flaska vart opna 23.06.25, og vinen er smakt frå riesling-glas. Strågul pluss på farge. Hm, det var jo litt rart. Var ikkje dette ein ganske fersk riesling hausta tidleg? Mykje CO2 ved opning. Lukta er ein miks av gule eple, og syrlege raude eple, ja nesten kart. Men så er det noko som minner om manzanilla og kamomillete.

Det andre steget er pressinga. Ingeniøren Markus har bygd ei korgpresse med ein diger stålbjelke på 100 tonn som vekt. Pressa kan nå eit trykk på 6 bar, men pressinga er langsam og forsiktig, og tek to dagar. Vinkjellaren ligg rett under pressa, i eit tidlegare bomberom som er ein tunnel i fjellet. Her er det konstant 9 grader og 70 % luftfuktigheit. Mosten renn ned frå pressa og i ein konteiner der han oksiderer, før han går over i gjæringskaret utan sedimentering.

Det tredje steget er tida saman med gjær, og mogning før tapping. Denne vinen har gjæra i steintøyamfora, sjølvsagt med spontangjæring. Desse behaldarane som kjem frå ein produsent i Bordeaux, gjer vinen litt reduktiv, fortel Markus på telefon. «But it goes away quickly in the glass.» Undervegs i gjæringa vert det tilsett opp til 5 % heile druer, som startar intracellulær gjæring. Når desse sprekk, kan dei halde gjæringa i vinen i gang, og dermed klarer vinen å bli knusktørr.

Überfresh vin med vibrerande syre! Konsentrert men slank. Her er ein nærast paradoksal miks av svært friske element og noko som smakar som lagra, litt som autolyse. Flintaktig stein, syrlege eple og «salte» aroma mot manzanilla sherry. Medium fylde. Intens og energisk vin. Puh!

Vinen har lege i amfora i og mogna i to og eit halvt år på berme, og det er vel litt av grunnen til autolyse-aroma. Markus driv 2,5 ha vinmark totalt, med Steiner Schreck og Steiner Braunsdorfer. Han fortel at 2020-årgangen av This is not a Love Song Riesling er den mest spesielle og lettaste. Seinare årgangar har lege på 11-11,8 % alkohol. Produksjonen var på denne vinen berre 1500 flasker.

Dagen etter at vinen var smakt, reiste eg og familien på hytta, og deretter på ferietur nedover i Europa. Det var om lag ein tredjedel att i flaska, men då vi drog til hytta, vart flaska ståande att i kjøleskåpet. Då vi kom heim att på kvelden 19. juli, var det varmt og fint i Førde, så eg tenkte eg kunne no teste om vinen framleis var drikkande. Om han var! Nesten ingen tap av frukt og no med ein større harmoni mellom elementa. Ikkje verst etter nesten ein månad open.

Ein tanke på “Ei flaske, HM Lang This is not a Love Song Riesling 2020

Leave a Reply