Brasiliansk Merlot

-Velkommen tilbake, Jan Tore. Sidan sist terapitime skulle du øve på å ikkje kjøpe naturvin til 500 kroner. Korleis har det gått?
-KJEMPEFINT!
-Når du er så entusiastisk så veit eg du skjuler noko. Kva har du kjøpt?
Bianchetta Trevigiana?
-Eg har kjøpt Merlot.
-Ikkje verst. Tradisjonell drue og greier.
-Til 750 kroner.
-Jojo. Det kostar vel såpass for ein god Bordeaux.
-Frå Brasil…
-…
-…

Medan eg leitar etter nye druer, dukkar det innimellom opp gamle kjenningar i nytt terreng. Pizzato – italienskætta vinfamilie som i 1875 etablerte seg i Rio Grande do Sul – nærare Uruguay og Argentina enn São Paulo – to timar unna provinshovudstaden Porto Alegre, sør i Brasil, og har satsa på druer mest kjend frå Bordeaux, med innslag av Alicante Bouschet og Tannat. I 1999 moderniserte familien garden og lagde referansevinen sin på 100 % Merlot – ein bonusvin som seinare berre vart laga i årgangar funne gode nok.  

Pizzato Dna99 Single Vineyard Merlot 2021

Vale dos Vinhedos, Brasil. 100 % Merlot. Handplukka druer. Fermentert i ståltankar med 15 dagars skalkontakt, før eit års modning på franske eikefat. 6400 flasker totalt.

Powerhouse og mykje som skjer. Solbær, morell, Petterøe’s 3, nellik, kamferkiste og kanel. Noko grøne urtegreier med rosmarin bakom. Intense, men reine duftar – veldig behageleg å sniffe på.

Sval munnkjensle, rask crescendo inn i eit midtparti med blåplommer, bitter sjokolade og rips. Sjenerte tanniner luskar rundt i bakgrunnen og gjer lite av seg. Mister litt rennefart inn i ei bittersyrleg avslutning med kaffi, plommestein og kirsebær, og blir overraskande stutt.

Betre i snuten enn i svelget, og klarer ikkje å leve opp til forventningane duftene gav. Fungerte veldig godt til eit stykke entrecôte. Forsvarer ikkje heilt prisen på 740.- men ser ikkje vekk i frå at dette blir betre med litt kjellartid.    

Mickey Newbury – Looks Like Rain/’Frisco Mabel Joy/Heaven Help the Child

“At one time,” Newbury recalled, “I had four songs on the charts, one each in a different chart.” The songs simultaneously held stellar positions with styles as disparate as “Sweet Memories” (Easy Listening # 1) by Andy Williams, “Time Is A Thief” (R&B # 1) by Solomon Burke, “Here Comes The Rain Baby” (Country # 1) by Eddy Arn and “Just Dropped In To See What Condition My Condition Was In” (Pop / Rock # 5) by The First Edition.

Du har låtskrivarar, og så har du låtskrivaranes låtskrivarar. Og så har du Mickey Newbury…

Singer-songwriter som over 1000 artistar har spelt inn – frå Ray Charles, Tom Jones og Elvis til Phish, Nick Cave og Joan Baez, samt kickstarta karrieren til Kenny Rogers med “Just Dropped In (To See What Condition My Condition Was In)”. Sjølv er han som var hippie-cowboy lenge før Sturgill Simpson relativt ukjend utanfor kyrkjelyden.

No har entusiastane i Fat Possum Records fått lov å remastra nye versjonar av platene, og har starta med dei tre vesentlegaste rundt 1970-talet. Tre plater med sentimental vise-country, meir i slekt med Leonard Cohen og Townes Van Zandt enn Conway Twitty og Ray Price, og eit nydeleg testamente over ein av dei verkeleg store historieforteljarane frå syttitalet.

Kjelder:
https://www.pizzato.net/
https://mickeynewbury.com/

Leave a Reply