Vi kan ropa mot skyene så mykje vi vil, men vintrendane er nådelause – neste generasjon vil ha vinen sin lettare og lysare – og kanskje også utan alkohol. Enn så lenge har det vore ei etablert sanning at alkoholfri vin har vore stusselege greier, uansett om helse, livsstil, eller frykt for dagen derpå har vore motivasjonen. Små dytt har dei siste åra kome frå mellom anna København og Austlandet – der utgangspunktet har vore te, Leitz har lansert sine avalkoholiserte vinar, medan dei fleste siderprodusentane har eplemost i porteføljen. Frå Trøndelag kjem ein ny spelar i Miris Blend, som ikkje berre lagar avalkoholisert vin, men som prisar det som det skulle vera The Real Thing. Kan dei yppa seg i selskapet?
Miris Blend Blanc Aromatique

Pfalz, Forbundsrepublikken Tyskland. Kvit musserande frå Cabernet Blanc, minst 9 månaders modning før avalkoholisering.
Granny Smith parfymert med kløvereng og liljekonvall. Lett oljete munnkjensle. Grapefrukt utan å vere bitter, honning utan å vere søt – glir over i syrlegare sitrus og litt kjeks. Svært lang avslutning med mykje lime, der eg smattar på sitrondrops mellom slurkane. Frisk og leskande med reine duftar og smakar. Veldig godt.
Miris Blend Édition Premier Blanc

Pfalz, Tyskland, Miks av Riesling, Chardonnay og Muscat. Heilklasepressing og fermentering i ståltankar før avalkoholisering.

Granny Smith, tropisk nektar, litt petroleum.
Startar halvtørt med hylleblomst før nyskvist sitron treff i ei lang og syrleg avslutning. God – og eg hadde garantert blitt lurt om nokon serverte meg dette som ein kabinett. Imponerande vin som lukta eldre enn han smakte og fungerte flott til torsk med kvitløk og sitron.
Miris Blend Cabernet Sauvignon

Balaton, Ungarn.
Solbær og bjørnebær, reine, men enkle duftar. Lett på tunga – mykje rips, litt mjølkesjokolade. God og konsentrert ripssaft, men ikkje så mykje meir enn det.
Miris Blend Édition Premier Rosé

Tyskland, blanding av St. Laurent og Pinot Noir. Servert blindt under ein Nattverden-middag i haust, kollektivt notat:
Musserande rosé. Jordbær, sødme, tuttifrutti, honning, mykje raudfrukt. Opplevd halvtørr, i alle fall før bringebærsyra kicker inn i avslutninga. Lav alkohol, rosé-sider frå Hardanger? Lambruscofrukt, men ikkje Lambrusco. Frisk og rein. Stor forvirring i kollektivet.

Three out of four ain’t bad. Dei rosa boblene var reine og fine, om nokon hadde sagt at den kvite vinen var ein Kabinett hadde eg gått rett på, og eg har hatt Sjampanje stuttare på tunga enn den kvite musserande. Spørsmålet er om dette blir meir enn eit nyfikent eingongskjøp – til over 300 kroner flaska er dette ein slags ny kategori, for her er det mykje godt.

Personleg trur eg betre distribusjon er nøkkelen til gjenkjøp – sjølv om fin pakke med helsing i posten er sjarmerande, så er dette er noko eg heller ville kjøpt spontant i forbifarten på polet eller i butikken.
Meshell Ndegeocello – Peace Beyond Passion
Andreplata til Meshell Ndegeocello. Der debuten 3 år tidlegare hadde ein leiken miks av hip-hop, R&B og jazz, er dette – legg i mellomtida til eit samarbeid med John Mellencamp, Madonna og Herbie Hancock – eit modnare album frå bassisten og vokalisten. Eit album som er nærast ei konseptplate der ho etterlyser medkjensle og nestekjærleik gjennom historia – med musikk ein stad mellom Parliament og Stevie Wonder.
Ulikt midten av nittitalet elles i Sambandsstatane, går ho knallhardt etter rasisme, homofobi og hykleriet i religionen – om temaet er intenst, er vokalen smooth og musikken organisk. Sjeldan har kulturelt sinne vore så velartikulert og funky.
