Eik: Manhartsberg

Om vi går eit stykke tilbake i tid, så var kommunikasjon og transport av gods ei langdryg affære. Før gode vegar og jarnbana, godsvogner og lastebilar, så var det område som låg nær kysten eller nær store farbare elver, som hadde det lettast for å sende eller ta imot tyngre last. Om ein vinbonde i Franken, Weinviertel eller Sopron skulle trenge eit fat til å … Les meir Eik: Manhartsberg

Eik: frå skog til flaske

Eg startar ein serie med artiklar der eg ser på bruken av eik i vinmaking. Det er eit stort tema, og mange interessante innfallsvinklar. Det viste seg at det finst ein del vin der eikebruken er, om ikkje dominerande, så iallefall ein svært viktig del av identiteten til det som vinmakaren prøver å oppnå med den ferdige vinen. Han har sine grunnar til å velje … Les meir Eik: frå skog til flaske

Kult eller kalkun #2

Vinverda har sine eigne ekkokammer, saueflokkar og rottefangarar med lokkande fløytelått. Det skal difor ikkje så mykje til for å oppdage noko nytt og spanande. Ein må berre stille inn antenna på ein litt vidare frekvens. Har de høyrd om Clos Cibonne? Nei, det hadde ikkje eg heller. Glatt Rosévin som kategori er veldig lettsindig og glatt. Synest eg, då. Det manglar knaggar av terroir, … Les meir Kult eller kalkun #2

Årets beste i 2020

Håvard sine favorittar Når eg blar igjennom notatboka, finn eg mange gode vinopplevingar i år òg. Nokre av flaskene var tenkt å vere med til Bergen for å verte delte med nokre utvalde vinfolk. Andre flasker står enno uopna til det vert litt tryggare å igjen vitje storbyen i sørfylket. Eg går nok ikkje like langt unna allfarveg når det gjeld å oppsøke nye vinar, … Les meir Årets beste i 2020

R.I.P. – Riesling i parkett

På gravsteinen Om du har vore på ein kyrkjegard har du nok lagt merke til eldre gravsteinar. Det som skil desse frå nyare, er at yrket til personen som er gravlagt somme tider er teke med. Meieribestyrar, disponent, overlærar, gardbrukar, lækjar, prest og klokkar er titlar som fortel noko om vedkommande. Fødselsdato og dødsdato fortel om alderen. Og det står gjerne nokre ord om sakn … Les meir R.I.P. – Riesling i parkett

Nøytral +-

Vin er naturlig i den forstand at det ikkje er naudsynt å tilsetje noko for å lage det. Gjærsopp finst på skalet og i lufta rundt oss. Druene må berre hjelpast gjennom ulike prosessar. Men skal det bli god vin, må vi godta at menneskeleg kulturell påverking er av eit gode. Vitis vinifera er ein klatrebusk, og utan oppbinding og beskjæring ville resultatet vorte ein … Les meir Nøytral +-