Tribaut Instant Gourmand Sec

I sommar slapp Vinmonopolet eit knippe sjampanjar under 250,- som strileavdelingen hjå Nattverden var kjapt ute og skaffa seg. Undervegs har vi testa Philizot & Fils, Bliard-Moriset og Diane De Chappotin – no avsluttar vi kvadrologien med Tribaut Instant Gourmand Sec som utifrå namnet  antakeleg vil opplevast som søtare enn dei førre flaskene. Apropos namn: at dei putter ‘Instant Gourmand’ på etiketten trigger fordommar hjå meg – om eg legg godvilje til så meiner dei antakeleg at vinen er så god at det er lett å drikke (for mykje av) han…

Les meir «Tribaut Instant Gourmand Sec»

#nofilter, eller reknestykket som ikkje går opp

Sherrydistriktet heilt sør i Spania lagar nokon særeigne vinar. Det er to hovudtypar. Dei som vert utvikla og lagra under eit beskyttande lag med flor, og dei som mognast i ein oksidativ prosess. Dei flor-lagra vintypane er fino og manzanilla. Det er spanande og krevjande vinar, men eg får det ikkje til å gå opp. Reint matematisk altså. Jerez har ei lang historie med vinproduksjon. … Les meir #nofilter, eller reknestykket som ikkje går opp

Colinas do Douro Reserva 2015

With a vision of creating wines that transmit the unique character of the «UM DOURO SUPERIOR», we devote ourselves intensely and genuinely to our work, from sunrise to sunset, harvest after harvest. Colinas do Douro Reserva 2015 Touriga Franca 30%, Touriga Nacional 30%, Tinto Cão 20%, Tinta Roriz 20% Bjørnebær, tørt treverk, nellik, litt muskat, litt vanilje.  Glir over i blåplommer og rips med tid … Les meir Colinas do Douro Reserva 2015

Ochota Barrels 5V OV Chardonnay 2015

When asked what wines he liked to drink he replied, «That which belongs to another.»

Når restaurantsjefar på besøk berre gøymer/gløymer vin i grønsakskuffa mi, så skal det ikkje stå på meg. Eg kan sjølvsagt ta kynismen til Diogenes eit hakk vidare og mistenkje at han har kvitta seg med flaska med vilje, men eg tar uansett sjansen på at han ikkje les dette…

Les meir «Ochota Barrels 5V OV Chardonnay 2015»

Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Sidan 1750 har slekta dyrka druer i rundt Langenlois, eit kvarters biltur nord for Donau i Kamptal, Austerrike. I dag er det to generasjonar Rabl som deler ansvaret på garden mellom seg – medan Rudolf sr. er ute i dalsidene, har Rudolf jr. kontroll i kjellaren. Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017 Parfymert blomsterduft, nyslått gras, våt stein, grøne druer(!), gule eple, noko ørlite tropisk langt … Les meir Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Kalkspitzgefühlen

I Hollenburg, Austerrike har familien Hoch drive handel på Donau sidan 1640, før dei spesialiserte seg på vinproduksjon etter andre verdskrigen. Frå 2013 byrja yngste Hoch – Cristoph – å laga sine eigne vinar der han blandar tradisjonell vinlaging med antroposofiske idear, geologisk nerding og stor entusiasme. Målet? Inimitable wines with ageing potential. I know that a lot of winemakers state the same, but I … Les meir Kalkspitzgefühlen

Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut

At Luxemburg har føresetnader for å laga vin burde ikkje overraska nokon – i aust kan ein sjå over elva rett til tyske vinmarkar i Mosel. Ved breidda etablerte Jean Bernard-Massard seg i 1921 – i dag produserer dei 4 millionar flasker i året. Ecusson-serien var meint å vera eit eingongsprosjekt til 50-årsjubileumet for vingarden i 1971. Responsen var imidlertid så positiv at vinen framleis … Les meir Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut