VILLA JOB UNTITLED

I am 34 years old and I have decided to make wine for love Alessandro, du legg lista høgt. Du styrter inn i vinverda med mykje sjølvtillit når du døyper vinen din «Untitled», eit kunstverk så unikt at namn ikkje er naudsynt… Antroposofvin, familiegard, biodynamisk drift, manuell hausting, villgjær, spontanfermentert, naturleg stabilisering, økologiske druer, ansatte som klapper små pelsdyr på hovudet med eit venleg ord, … Les meir VILLA JOB UNTITLED

Tripe Advisor – Roma

Pasta, pizza, tripe, tiramisu. I ei verd der sjølv setninga «Det er vanskeleg å skriva om Roma utan å ty til klisjear» er ein klisje, er dette ei krevjande øving. Roma er hektisk, Roma gjer meg glad for alle timane med Asterix, Roma er intenst vedunderleg.

Nattverden gjev deg 7 sjølvopplevde stader med mat og/eller vin, som ikkje tømmer lommeboka di. Med unntak for den siste på lista som tømmer lommeboka di…

Les meir «Tripe Advisor – Roma»

Vino di Anna Rosso 2011

Vin:

Vino di Anna Rosso 2011

Verdsvin frå Sicilia. Fruen er ønologistudent frå Australia, ektemaken er franskmann med jobb-base i London og står bak vinbaren Terroirs. Saman har dei laga vin på nordsida av Etna sidan 2010. Vinen er økologisk med villgjær, ufiltrert, utan tilsetningsstoff. I henhold til Ove Svendsens reglar for «Hvordan gjenkjenne en naturvinprodusent», tar eg det for gitt at borna deira har designa etiketten.

Les meir «Vino di Anna Rosso 2011»