Marjan Simcic Teodor Belo Selekcija 2014

Ribolla blir omtalt som ei italiensk drue – men truleg kom ho gjennom Slovenia frå Hellas. Ikkje særleg kjend i dag, men desto meir berømt og berykta gjennom historia. Giovanni Boccaccio (han med Decameronen) rekna vinar med ribolla som ei av syndane i fråtse-kategorien, medan Leopold III krevde 100 urner med ribolla-vin i året frå Trieste, og drua vart rekna for å laga den finaste kvite vinen i Friuli. Så kom phylloxera og øydela alt – ved gjenplantinga satsa ein heller på importerte druer som merlot og sauvignon blanc heller enn lokale slag. I kveld lar vi Venezia halda på med sitt og klatrer opp i åsane over grensa til Slovenia.

Les meir «Marjan Simcic Teodor Belo Selekcija 2014»

Pinot of no return

Med naturvinbølgja fekk den rufsete vinbonden sin renessanse. På vinmesser vart skjeggete menn med svak duft av hest – tidlegare diskret gjort merksam på at Felleskjøpet-butikken ligg lenger borte i gata – no hylla som rockestjerner. Utfordringa dei ser ut til å gje seg sjølv er å leggja mest mogleg av kvalitetsgrunnlaget i åkeren og manipulera minst mogleg i kjellaren.

Les meir «Pinot of no return»

Ego cogito, ergo vinum

Kanskje er Frankrike, Tyskland og Italia fanga av sine eigne tradisjonar? I alle fall opplever eg ofte produsentar frå ‘Den Nye Verda’ som meir respektlause og vågale overfor druejuicen. Det er gjerne der ein finn vinane med snåle drueblandingar, uhøgtideleg tilnærming og med morosame etikettar. Snålast av dei alle er antakeleg Pieter Walser sine Blankbottles frå Western Cape i Sør-Afrika.

Les meir «Ego cogito, ergo vinum»

Viña Tondonia Gran Reserva Rosado 2008

Det er ikkje til å koma i frå at vininteresse innimellom handlar vel så mykje om eksistensielle kriser som glede. Pågangsmot tar deg langt, men på eit eller anna tidspunkt innser du at du veit nok til å forstå at du veit ingenting – at fjellet du trudde du klatra var ein liten haug som løynde eit Himalaya-massiv av ukjende druer, distrikt og teknikkar. Blindsmakingar der du pin-pointer ein vin frå Campania før du – høg på deg sjølv – bommar med to kontinent ved neste glas…

Les meir «Viña Tondonia Gran Reserva Rosado 2008»

Boundary Breaks Riesling Extra Dry #90 2017

New York er meir enn Fridomsgudinna og Central Park, og strekkjer seg heilt opp til den kanadiske grensa.  Staten har USA sin tredje største vinproduksjon – 320 vinprodusentar tappar rundtom 180 000 000 flasker i året.

Sjølv om det vert dyrka både riesling, pinot noir og cabernet sauvignon i området, så utgjer dette berre 10 prosent – det er meir kulderesistente hybridar som er i overtal. For dei som i kjøleg klima har satsa på Vitis vinifera er den største utfordringa å i heile tatt få druene til å modnast nok.

Les meir «Boundary Breaks Riesling Extra Dry #90 2017»