Miris Blend

Vi kan ropa mot skyene så mykje vi vil, men vintrendane er nådelause – neste generasjon vil ha vinen sin lettare og lysare – og kanskje også utan alkohol. Enn så lenge har det vore ei etablert sanning at alkoholfri vin har vore stusselege greier, uansett om helse, livsstil, eller frykt for dagen derpå har vore motivasjonen. Små dytt har dei siste åra kome frå mellom anna København og Austlandet – der utgangspunktet har vore te, Leitz har lansert sine avalkoholiserte vinar, medan dei fleste siderprodusentane har eplemost i porteføljen. Frå Trøndelag kjem ein ny spelar i Miris Blend, som ikkje berre lagar avalkoholisert vin, men som prisar det som det skulle vera The Real Thing. Kan dei yppa seg i selskapet?

Les meir «Miris Blend»

Brasiliansk Merlot

-Velkommen tilbake, Jan Tore. Sidan sist terapitime skulle du øve på å ikkje kjøpe naturvin til 500 kroner. Korleis har det gått?
-KJEMPEFINT!
-Når du er så entusiastisk så veit eg du skjuler noko. Kva har du kjøpt?
Bianchetta Trevigiana?
-Eg har kjøpt Merlot.
-Ikkje verst. Tradisjonell drue og greier.
-Til 750 kroner.
-Jojo. Det kostar vel såpass for ein god Bordeaux.
-Frå Brasil…
-…
-…

Les meir «Brasiliansk Merlot»

Doing Your Mumm

Med tradisjonar attende til 1827, 15 år i partnerskap med Formel 1, og raudt band som hommage til Æreslegionen på både flaske og i namnet, så skulle jo alt leggja til rette for ein omtykt og distingvert veteran i vinverda. I staden overhøyrer eg vinen forakteleg omtalt i same andedrag som Blue Nun. Det har neppe hjelpt særpreget å produsera 8 millionar flasker årleg, ei heller å vera eigd av Pernod Ricard – alkoholverdas svar på Unilever. Kan det verkeleg stå så ille til?   

Les meir «Doing Your Mumm»

Blanc de Rosé?

Ting går ikkje alltid som tenkt. I den kalde 2009-vinteren stoppa fermenteringa i det som skulle bli årgangens Xinomavro-rosé, og den halvgjæra vinen vart etterlatt på botnfallet i seks år. I 2015 tilsette Thymiopoulos litt nyplukka Malagousia for å restarta fermenteringa og helte miksen i eikefat. Etter fem nye år vart resultatet flaska i 2020, og i 2024 lagt ut for sal som ein slags oransje kvitvin.

Les meir «Blanc de Rosé?»

Kvit Priorat

Røft og ulendt terreng med forkastingar som ser ut som stivna bølgjer gjer det ikkje enkelt å driva landbruk i Priorat, likevel produserte dei mykje vin – i alle fall fram til phylloxera åt opp det meste, og det vart tryggare å satsa på oliven og nøtter. Likevel – eller kanskje nettopp derfor – produserer dei få som er igjen omtykte vinar, nærast på trass. Mest kjend for raude vinar – berre knappe 15 % av produksjonen er kvitvin. Likevel er dei kvite godt representert i bestillingsutvalet, og ved førre slepp slapp ei flaske inn i basis, og vart tilgjengeleg sjølv på vetlepolet mitt…

Les meir «Kvit Priorat»

Champagne Camp Love

Ny musikar med vinportefølje – denne gongen medbrakt WSET 2 og to restaurantar i skjeftet. Fredrik Saroea er mest kjend som frontfigur i Datarock, men har også vore med å starta restaurantane Lysverket og Hoggorm i Bergen. I samarbeid med NonDos lanserer han to musserande frå Fleury, dei biodynamiske pionerane i Champagne, samt etikettdesign frå Sissel Blystad og Magnus Voll Mathiassen.     

Les meir «Champagne Camp Love»

Mitt hjerte alltid vanker…

I Andesfjella heilt nordvest i Argentina – på grensa til Chile og Bolivia – ligg vinregionen Jujuy, som klarar kunststykket å både vera nær ekvator og samstundes ein av verdas høgaste vinregionar. Ein region som ufrivillig vart sentrum i frigjeringskampane frå Spania på tidleg 1800-tal, og utsatt for både massedeportasjonar og brend jords taktikk, noko som fekk store negative konsekvensar for utviklinga av området. I UNESCO-landskapet Quebrada de Humahuaca blir det dyrka druer på opptil 3300 meter. Inntil 2003 var det berre lov å dyrka tobakk og sukkerrør her, så dette er knapt vaksne druestokkar.      

Les meir «Mitt hjerte alltid vanker…»

Onkel Franc

Sjølv om Cabernet Franc er opphavet til meir berømte Cabernet Sauvignon, så får ikkje drua noko særleg merksemd, og er heller blitt den godt vaksne farbroren som har hatt eit vilt og spanande ungdomsliv, men som no lever anonymt ein stad på landet i Loire.
Eller? Noko ser ut til å endre seg – stadig oftare dukkar det opp positive meldingar og omtalar av Cabernet Franc. Er drua i ferd med å snika seg tilbake i rampelyset?

Les meir «Onkel Franc»

God som Gutedel

Fendant i Valais, Chasselas i resten av det sveitsiske eidssambandet og i Frankrike, Gutedel i Bundesrepubliken. Viktig drue i Sveits – knapt ein ettertanke i resten av verda. Dette prøver tømrer Hanspeter Ziereisen å gjera noko med på vingarden han starta i Efringen-Kirchen saman med kona Edeltraud i 1991 – nærare både Basel og Strasbourg enn Stuttgart. Mantraet er druekvalitet og minimal innblanding etter hausting. … Les meir God som Gutedel