Eik: Manhartsberg

Om vi går eit stykke tilbake i tid, så var kommunikasjon og transport av gods ei langdryg affære. Før gode vegar og jarnbana, godsvogner og lastebilar, så var det område som låg nær kysten eller nær store farbare elver, som hadde det lettast for å sende eller ta imot tyngre last. Om ein vinbonde i Franken, Weinviertel eller Sopron skulle trenge eit fat til å lage vinen sin i, var det for 200 år sidan ikkje så rimeleg eller enkelt å få tilsendt noko frå ein bøkkar i Loire eller Conegliano. Verda var enno ikkje gjennomglobalisert, og ein måtte nytte det som fanst lokalt.

Ein som er interessert i denne tida, er Michael Moosbrugger. Tida før den industrielle revolusjonen hadde gjennomsyra heile samfunnet, er òg tida før phylloxera, oidium og peronospora hadde kome til vinmarkene i Europa. Polykultur, sjølvberging og ein rural livsstil var normen, byane var enno ikkje enorme. Vin var enno ikkje opphøgd til eit statusobjekt, og Vosne-Romanée var enno berre ei lita husklynge i Bourgogne som hovudsakleg dei lokale kjende til. Faktisk heitte husklynga då berre Vosne.

©Schneckenleitner

Noko av det Moosbrugger framhevar som den store forskjellen på vin frå før 1850, er korleis vinen vart til utan dei krav som ein industriell tankegang medfører. Seinare byrja tida å bli både knapp og dyr, og det vart krav til å produsere større mengder for å auke innteninga. Ny kunnskap og nye oppfinningar endra vinmakinga med effektive presser, pumper og utstyr til filtrering.

Michael Moosbrugger er sjef for vinproduksjonen til Schloss Gobelsburg. Han tok over i 1996, og kontrakten er på 100 år. Slottet kom i hendene på Cistercienser-klosteret Stift Zwettl i 1740, men munkane hadde laga vin i Kamptal sidan 1171. Som vi veit lever munkar etter andre retningslinjer enn profittmaksimering og new public management, og dei har god tid. Når perspektivet strekk seg mot æva, er eitt år eller tre ekstra for ein vin på fat, ikkje noko å snakke om. Det passar då godt at Moosbrugger har laga ein vin der det tek lang tid før han er på flaske og ute blant folket.

Tradition Heritage-serien til Schloss Gobelsburg vart til etter 850-årsjubileet i 2021. Heritage 3 Years er meint å skulle vise ein klassisk vin frå tidleg 1800-tal, medan Heritage 10 Years er ein versjon av dei beste vinane frå same tid. Frå årgang 2004 til 2017 laga Gobelsburg ein riesling og ein grüner veltliner Tradition med årgang, som er i same filosofi som desse nye cuvéeane. Moosbrugger minner om at det er mykje som ikkje let seg gjere å etterlikne i notida. På 1800-talet før phylloxera-epedemien, var vinmarkene “field blends”, med fleire druesortar, nokre av dei finst truleg ikkje lenger. Vinstokkane hadde eigne røter, og sjukdommane vinskimmel, mjøldogg og phylloxera hadde ikkje kome til Europa. Truleg var det andre sjukdomar og rote, men det er uvisst om det fanst kunnskap om kva som kunne gjerast mot dette.

Her kan du lese om riesling med eik, mellom anna Schloss Gobelsburg Tradition 2012.

Men den viktigaste forskjellen ligg nok i klimaet. Druematerialet er i dag truleg jamnare mogent enn på den tida, og sukkernivået jamnt høgt. Ein gunstig sommar og haust var nok sjeldnare og desto meir velkommen i 1825 enn i 2025. Vinstokkane var planta tettare enn normen er i dag, det var jo ikkje noko traktor eller maskiner som skulle inn mellom radene. Lite eller ingen gjødsling haldt utbytte nede. Dette betydde nok at det var større variasjon i utbytte frå år til år, enn det vi ser i dag. Det som Moosbrugger vil få fram med dei “ny-gamle” vinane er den oksidative vinmakinga, betydinga av tekstur over aroma, og tida på fat.

©Schneckenleitner

Nå druene er hausta, vert dei frakta til vinhuset og knuste. Så ligg dei med skalkontakt i 6-8 timar. Sidan er det pressing i korgpresse. Mosten går rett i 2500-liters fat frå Schneckenleitner, utan sedimentering. Her spontangjærar vinen utan temperaturkontroll. Vinen vert så stukken om tre til fire gonger det fyrste året. Andre året skjer det to til tre gonger, og så ein til to gonger dei påfølgjande åra. Den lange tida på fat og omstikkinga fører til ei endring av strukturen, og dei fruktige elementa vert naturlegvis mindre.

Doppelfuder-fata i kjellaren til Gobelsburg har eikestavar frå Manhartsberg- og Wienerskogane ikkje langt frå Kamptal, og Moosbrugger har dei siste 30 åra samarbeida med bøkkeriet Schnechenleitner om å finne ein profil som passar godt med vinen til Gobelsburg. Schneckenleitner er ei familiebedrift som starta alt i 1880 i Waidhofen an der Ybbs. Ein del av dei store fata til Schloss Gobelsburg har fått stativ med hjul, slik at dei kan flyttast rundt i kjellaren, og ut i friluft for kaldstabilisering om vinteren. Moosbrugger seier at dei eldste fata dei har som er framleis er i bruk er frå 1970-talet, og at med godt vedlikehald kan eit fat ha ei levetid på 60-100 år.

Austerrike har om lag 150 000 hektar eikeskog, noko som utgjer 4% av det totale skogsarealet i landet. 51 000 ha er produktiv eikeskog (quercus petrea og quercus robur). ⅘ av all skog i Austerrike er privateigd, og mesteparten eig ein teig mindre enn 50 ha. I tillegg er det ein del større føretak som eig skog på over 200 ha. Berre ⅔ av tilvoksten i skogen vert teken ut, så det er ein auke i biomasse i austerriksk skog.

Schloss Gobelsburg Tradition Heritage Cuvée 10 years, 851 Edition

Strågul+, klar. Luftig, men rik og mektig lukt, ein “led zeppelin”. Her er vanilje, treverk (reint), treolje, bakt gul frukt. Vinen gjer seg betre i Zalto Burgundy enn i Riedel Performance Riesling, det store glaset gjev endå meir av alt til lukt- og smaksopplevinga. I munnen er vinen frisk, men med både litt fenolisk grep og med ein overdådig og deilig mjuk tekstur. Eit kjærleg famntak av ein vin, antitesen til slank Mosel riesling. I ettersmaken kjem det fram meir struktur, syre, og noko litt meir kantete i retning mineralsk kjensle. Ein vakker og spesiell vin frå ei tid som er forbi.

Edition 851 er sett saman av 80% grüner veltliner og 20% riesling med mest vin frå 2011 og noko frå 2010. 13% alkohol. 999 kr. Smakt hjå Jan Tore Skråmestø og heime frå Riedel Performance Riesling og Zalto Burgundy 27. og 28. september.

Schloss Gobelsburg Tradition Heritage Cuvée 10 years, 852 Edition

Djup gul mot gull. Harmoni! Utvikla gul og balsamisk frukt. Grüner-typisk med steinfrukt, pepar og mineralkjensle. Smooth og harmonisk i munnen. Utsøkt vin som ikkje stikk seg ut i noko retning, men kviler i eigen balanse og stordom. Gul frukt innramma av år med eikefatsavrunding. Pent utvikla og med nok syre. Treng ikkje ytterlegare lagring, men vil vel ikkje ha noko negativ utvikling heller, iallefall ikkje over dei neste ti åra.

Edition 852 er laga på 95% grüner veltliner og 5% riesling frå 2011, med litt vin frå 2009. 13,5% alkohol. 999 kr. Smakt heime frå Zalto Burgundy 25. og 26. august. 

Desse vinane er artige både fordi dei er noko ganske anna enn dei vinane som har vore laga i den «tyske kulturkrins» og i nokonlunde same klima dei siste 30 år, og fordi dei fortel noko om ei tid då det ikkje var mogleg å lage fruktdrivne tørre vinar som tålte å liggje på flaske i fleire år. Vin var for 200 år sidan i hovudsak «brød og smør», ein del av den daglege kosten, servert rett frå fatet i ein lokal heurige, til dømes. Det var nok svært få som hadde ressursane til å lage, lagre og/eller drikke slike vinar som gjennomgjekk ein slik lang prosess som var naudsynt for å få ein stabil og harmonisk vin.

Leave a Reply