Pinot of no Return
Méthode ancestrale – eller berre Méthode som dei kalla det i 1550 – er den eldste formen for musserande vinlaging ein kjenner til, der ikkje heilt ferdig fermentert vin blir tappa på flaske og dannar bobler i siste innspurt av gjæringa. Antakeleg oppsto det utilsikta ved at gjæringa stoppa når det vart kald vinter og livna til att då våren kom. I dag kan vinbønder tilsynelatande gje kontrollen frå seg til naturen, men samstundes ha ein styring over temperatur og prosess som ikkje var mogleg for tidlegare generasjonar. Om metoden er blitt enklare å hanskas med, er likevel ein heil del overlaten til slumpelukka og flaskevariasjon.
Les meir «Pinot of no Return»
Cloudwalkers?
Stå utanfor og kritisere, eller bli med og forsøke å forandre frå innsida. Dette er eit dilemma som vi kan støyte på i våre liv. I politikken, samfunnet eller arbeidslivet er det fleire måtar å oppnå endring. I det sentralstyrte Frankrike kan det verke som eit uoverstigeleg hinder å forsøke å riste i lokale AOC-reglement- og styresmakter. Er det rart det finst naturvin? Natur eller … Les meir Cloudwalkers?
Sosialist-Champagne. No!
Eg hatar champagne. Eg elskar champagne. Industriell storskala-vin blir framstilt som luksus. Avkasting i vinmarkene på linje med stader der druer går til destillering. Chaptalisering over ein låg sko. Hemmeleghald om kvar druene kjem frå og produksjonsvolum. Det er ikkje mogleg å deklassifisere vinen til IGP eller Vin de France. Alt er topp skår. Champagne har eit forklaringsproblem. Nokon må gå. Churchill og Stalin Eit … Les meir Sosialist-Champagne. No!
Januar er noe dritt – nyt den!
Januar er kald og sur, men med skalldyr og skrei på lur! Les meir Januar er noe dritt – nyt den!
4 nyansar av gult III/Louis Pasteur 200 år!
Det er ikkje mange som blir den æra til del, at namnet kjem inn i ordboka som verb. Louis Pasteur er ein av dei, og i dag er det 200 år sidan han vart fødd i Dôle i Jura. Livsviktig Men det er ikkje berre pasteurisering som står att etter denne vitenskapsmannen. Han verka innan fleire felt, og hadde den fyrste vaksina mot rabies. Som … Les meir 4 nyansar av gult III/Louis Pasteur 200 år!
Vive la Revolution!
Innan idretten er det ei stor grad av spesialisering og jag etter rekordar, særskild i individuelle greiner i friidrett og symjing. Det er enormt mange som driv med 100m, 200m, 1500m eller marathon, og å kunne nærme seg dei beste eller å slå verdsrekorden er eit stort mål. Vinverda har òg aktørar som uavhengig av kvarandre, og av og til ufrivillig bidreg til einsretting eller … Les meir Vive la Revolution!
Vin til pinnekjøtt
Nattverden avslører hemmeligheten bak det riktige valget av vinen til pinnekjøttet. Les meir Vin til pinnekjøtt
Australsk naturvin & influenser-skrekk
Den blodferske australske horror-komedien Sissy handler om å være ung i 2022. Vi følger influenseren Cecilia som har gjort kometkarriere som en slags selvhjelpsguru for unge frustrerte SoMe-klienter. Hun har to hundre tusen følgere, og derfor er det mange som vil være venner med henne og inviterer henne på fester. I et øyeblikks ubetenksomhet blir hun med noen perifere bekjentskaper på fest/selfie-seminar med insta-vennlig mat … Les meir Australsk naturvin & influenser-skrekk
Zweigelt 100 år!
Jaudå, det kan godt vere at framtid tilhøyrer piwis*, men enn så lenge regjerer pinot noir og chardonnay kloden med mjuk hand og smakfull suksess. Verdas mest populære druesortar ligg godt sementert, men innimellom dukkar det opp nokre nykomarar som klarer å bite seg fast. Mine damer og herrar, ta godt imot: zweigelt! Akseptert og elska Zweigelt feirar altså 100 år, og grunnane til eit … Les meir Zweigelt 100 år!
Julegåvetips 2022
Kva skal du finne på å gje dine vener og familie i år? Ja, så er det plutseleg desember og det byrjar å haste med å finne på, handle, pakke inn og dele ut. Om du er som Nattverden sine medarbeidarar, så verdset du harde pakkar med mjuk frukt og kantete tanninar. Den beste måten å sikre seg at neste gong du skal i middagsselskap … Les meir Julegåvetips 2022
Panettone
Er du i gang med dei sju slag? Norske advents- og juletradisjonar er i endring, og i staden for endå ein type tørre småkaker kan du prøve deg på noko saftig og sitrusduftande frå kontinentet. Panettone er kanskje ikkje like lett som serinakaker, men prøv då vel! Om du bur i ein by med italiofile butikkeigarar, kan det jo vere du får kjøpt ei ferdig. … Les meir Panettone
Beaujolais Nouveau-spesial: fersk fransk vin & film
Ultimo november. Årets Beaujolais Nouveau er på plass i kjøleskapet. Det begynner å nærme seg slutten av året, det er på tide å begynne å vurdere å tenke på tanken om en årsoppsummering. Det er en god tid for å se seg opp på årets filmer, noen av de som har gått under radaren. Så hvorfor ikke benytte anledningen til å åpne noen ferske franske … Les meir Beaujolais Nouveau-spesial: fersk fransk vin & film
Pastaquiz – igjen!
Eksklusivt botnfall…
Det er viktig å vera open for nye impulsar og utfordra eigne fordommar. Det er også viktig å vite når ein skal halde kjeft… Etter å ha vore litt breial på Nattverden sitt intranett, havna ei flaske frå Franz Wilhelm Langguth Erben opp i potane mine med krav om ein artikkel.
Les meir «Eksklusivt botnfall…»
Vin-quiz Tyskland
Haustmørkret kan tære på. Du har det sikkert ikkje så travelt på kontoret, heller. Snik deg til ein femminuttar med quiz om tysk vin. Les meir Vin-quiz Tyskland
